Norman Colin Dexter () var ein britisk forfattar særleg kjend for å ha skapt kriminalheltane inspektør Morse og Lewis.
Dexter vart fødd og voks opp i Stamford i Lincolnshire. Han fullførte klassiske studiar ved Christ's College ved universitetet i Cambridge i 1953. Han var lærar i klassisk litteratur ved fleire skular før sviktande høyrsel tvinga han til å gå av i 1966. Han fekk arbeid for eksamenskomitéen University of Oxford Delegacy of Local Examinations (UODLE) i Oxford og arbeidde der fram til 1988.
Dexter byrja skriva om inspektør Morse som ein reaksjon på dårlege krimbøker på ein ferie. Den første boka om Morse kom ut i 1975 og den siste i 1999. Colin Dexter medverka også i fjernsynsserien om inspektør Morse, han kom med idéar og hadde korte opptredenar i mange episodar. Han har også hatt ei aktiv rolle i den påfølgjande serien om inspektør Lewis.
Colin Dexter hadde mange personlege likskapar med inspektør Morse, mellom anna ei stor interesse for kryptiske kryssord. Namna til Morse og Lewis kom frå «rivalar» av Dexter som stadig vann dette kryssordet i The Observer
Dexter døydde heime i Oxford den 21. mars 2017.
Utgjevingar
Romanar (på Macmillan) 1975: Last Bus to Woodstock (på norsk: Siste buss til Woodstock, 1978) 1976: Last Seen Wearing (på norsk: Savnede var iført …, 1979) 1977: The Silent World of Nicholas Quinn (på norsk: Nicholas Quinns tause verden, 1980) 1979: Service of All the Dead (på norsk: Døden i sakristiet, 1981) 1981: The Dead of Jericho (på norsk: Den hengte i Jericho, 1982) 1983: The Riddle of the Third Mile (på norsk: Den tredje gåten, 1985) 1986: The Secret of Annexe 3 (på norsk: Anneksets hemmelighet, [1987) 1989: The Wench Is Dead (på norsk: Mord på Oxfordkanalen, 1990) 1991: The Jewel That Was Ours (på norsk: Den tapte juvel, 1992) 1992: The Way through the Woods (på norsk: Veien gjennom skogen, 2008) 1994: The Daughters of Cain (på norsk: Kains døtre, 2009) 1996: Death Is Now My Neighbour (på norsk: Døden er nå min nabo, 2010) 1999: The Remorseful Day (på norsk: Oppgjørets time, 2011)
Novellesamling 1994: As Good as Gold (inkluderer Morse's Greatest Mystery, and Other Stories frå 1993)
Andre utgjevingar (som N. C. Dexter) (saman med E.G. Rayner på Pergamon Press) 1964: Liberal Studies (An Outline Course) 1966: Guide to Contemporary Politics
Prisar og utmerkingar 1979: The Silver Dagger, for Service of All the Dead 1981: The Silver Dagger, for The Dead of Jericho 1989: The Gold Dagger, for The Wench is Dead 1992: The Gold Dagger, for The Way through the Woods 1995: Palle Rosenkrantz-prisen for Vejen gennem skovene (The Way through the Woods) 1996: The Macavity Award for beste novelle, for «Evans Tries an O-Level» 2000: Svenska Deckarakademins Grand Master-diplom 2000: Order of the British Empire
Kjelder
«Breaking the code of Morse's maker». The Observer, 19 September 1999. «Kevin Whately: An inspector calls». The Independent, 12 January 2006. John Cunningham, Leave the brains inside the cranium. The Guardian, 5 August 2000. Famous Yellow Bellies. BBC Lincolnshire, August 2008.
Delar av denne artikkelen bygger på «Colin Dexter» frå , den 23. august 2011. oppgav desse kjeldene: BIBSYS (NTNU) Library of Congress Online Catalog Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Britiske kriminalforfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Lincolnshire