Anders Behring Breivik (), offisielt namn Fjotolf Hansen frå 2017 til 2025 og Far Skaldigrimmr Rauskjoldr av Northriki frå 2025 til 2026 og Jan Johansen frå 2026, er ein norsk høgreekstremist frå Oslo som stod bak planlegginga og gjennomføringa av dei to terroråtaka 22. juli 2011; det fyrste mot Regjeringskvartalet i Oslo, det andre mot AUF sin sommarleir på Utøya i Tyrifjorden stutt tid etterpå. Straffesaka mot Anders Behring Breivik for desse to åtaka, som han har vedgått å ha gjort, men nekta straffeskuld for, tok til i Oslo tingrett 16. april 2012. Ved dom i tingretten 24. august 2012 vart Breivik kjend straffeskuldig og dømd til forvaring i 21 år, med ei minstetid på 10 år.Behring Breivik er tilregnelig - dømmes til 21 års forvaring, Aftenposten, 24. august 2012 Korkje Breivik eller påtalemakta anka denne domen.
Kjelder
Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Høgreekstremisme Kategori:Folk dømde for mord Kategori:Folk dømde for terrorisme