Tropisk regnskogklima, òg kalla ekvatorialklima, er eit tropisk klima, som ein vanlegvis (men ikkje alltid) finn langs ekvator. Regionar med dette klimaet har ofte tropiske regnskogar og er i Köppen si klimaklassifisering klassifisert som «Af».
Skildring Tropisk regnklima er eit tropisk klima der det ikkje finst tørketid - alle månadane har minst 60 mm nedbør. Tropisk regnklima har ikkje noko fråskild sommar og vinter, og er typisk varm og våt året gjennom med både ofte og tung nedbør. Vêret er mykje likt frå dag til dag, og temperaturskilnaden mellom dag og natt er som regel større enn temperaturskilnaden mellom «sommar» og «vinter».
Fordeling Tropisk regnklima finn ein vanlegvis på breiddegrader innanfor fem grader nord og sør for ekvator, som er dominert av den intertropiske konvergenssona. Tropisk regnklima finn ein derimot i mindre område òg andre stader, og ikkje alle områda langs ekvator har tropisk regnklima.
Somme stader med dette klimaet har nesten uendra vêr året gjennom (den nordvestlege stillehavskysten i Sør- og Mellom-Amerika, frå Ecuador til Costa Rica, men i mange tilfelle er perioden med høg sol og lengre dagar mykje våtare (som i Palembang i Indonesia) og somme stader er tida då sola står lågast våtast (som i Sitiawan i Malaysia).
I tillegg finn ein tropisk regnklima utanfor ekvatoriområdet, til dømes i Santos i Brasil og Fort Lauderdale i USA, som ikkje berre ligg utanfor ekvator, men òg ligg like utanfor tropane.
Klimatiske kjenneteikn Breiddegradene ligg vanlegvis under lågtrykksbeltet i stillebeltet året rundt, og har derfor nesten ingen fråskilde årstider. Sola står nesten vertikalt midt på dagen, og er direkte over hovudet to gonger i året, ved jamdøger. Døgnmiddeltemperaturen er vanlegvis kring 27 °C året rundt. Omfattande skydekke og kraftig nedbør hindrar store temperaturskilnader mellom dagaen, og temperaturen stig sjeldan over 33 °C. Temperaturen endrar seg vanlegvis mellom 2 til 5 °C gjennom døgnet, som er større enn årlege variasjonen av døgnmiddeltemperaturen på berre 2 °C. Det kjem mykje regn, som vanlegvis er konvektiv (regnbyer).
Kjende byar med tropisk regnklima Afrika Entebbe i Uganda Kisangani i Den demokratiske republikken Kongo Mbandaka i Den demokratiske republikken Kongo Moroni på Komorane Amerika Belém i Brasil Bluefields i Nicaragua Boa Vista i Brasil Bocas Town i Panama Esmeraldas i Ecuador Fort Lauderdale i USA Hilo i USA Georgetown i Guyana Iquitos i Peru Leticia i Colombia Paramaribo i Surinam Pucallpa i Peru Rio Branco i Brasil Salvador i Brasil
Asia/Stillehavet Apia i Samoa Bandar Seri Begawan i Brunei Darussalam Banjarmasin i Indonesia Biak i Indonesia Colombo i Sri Lanka Georgetown i Malaysia Innisfail i Australia Johor Bahru i Malaysia Kota Kinabalu i Malaysia Kuala Lumpur i Malaysia Kuching i Malaysia Medan i Indonesia Padang i Indonesia Palembang i Indonesia Pekanbaru i Indonesia Singapore Sri Jayawardenapura Kotte i Sri Lanka Tabubil i Papua Ny-Guinea
Sjå òg Tropane Köppen si klimaklassifisering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tropical rainforest climate» frå , den 28. august 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tropane Kategori:Klimasoner og typar Kategori:Regnskogar