Burgdorf (fransk Berthoud) er den største byen i Emmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 533 meter over havet. Han var hovudstad i distriktet med same namn fram til 2010, då han vart ein del av det nye distriktet Emmental.

Bysoge Borga, som byen har namn etter, vert nemnd første gongen i 1130. Ved borga danna det seg eit samfunn som var i snøgg vekst. År 1273 vart dei første bylovene for Burgdorf nedskrivne, dei såkalla Goldene Handfeste.Ernst Theodor Gaupp: Deutsche Stadtrechte im Mittelalter, mit rechtgeschichtlichen Erläuterungen. Zweiter Band, Breslau 1852, s. 117-142, online.

Frå 1384 vart Burgdorf underlagd byen Bern.

Mellom 1800 og 1804 var Johann Heinrich Pestalozzi lærar i Burgdorf. Då utvikla han dei pedagogiske metodane som han publiserte i verket Wie Gertrud ihre Kinder lehrt.

I 1899 kunne ein take i bruk ei jarnvegslinje frå Burgdorf til Thun. Det var den første heilt elektriske jarnvegen av større storleik i Europa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «de:Burgdorf BE» frå , den 29. august 2011.

Bakgrunnsstoff

http://www.burgdorf.ch http://www.schloss-burgdorf.ch

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Bern