mini|Dropsonden til NCAR.
Dropsonde, eller fallskjermsonde, er ein radiosonde som vert sloppe ned i fallskjerm frå fly. Sonden registrerer vêrtilhøva og sender signal med informasjon om høva tilbake til flyet ved hjelp av ein radiosendar. Dropsondar vert nytta til utforsking av forholda over Nordishavet og for å gjere målingar i sentrum av tropiske syklonar.
Dropsonden vart utvikla av National Center for Atmospheric Research (NCAR) i USA for å gjere målingar i tropiske orkanar. Dropsonden inneheld ein GPS-mottakar, og måler lufttrykk, temperatur og fukt for å lage ein atmosfærisk profil og gje termodynamiske data.
Galleri
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Dropsonde» frå , den 4. september 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Meteorologiske instrument og utstyr