Dag Klaveness () er ein norsk biolog og limnolog, med cand. real i botanikk (marin botanikk, 1971) og doktorgradskompetanse (1978) på arbeid med mineraldannande mikroorganismar.
Klaveness vart universitetslektor i limnologi frå 1974, professor frå 1992 ved Universitetet i Oslo. Han har hatt forskingsopphald i USA og Frankrike, feltarbeid i Sargassohavet, i norske fjordar og kystfarvatn og i skandinaviske innsjøar i låglandet og i høgfjellet.
Som biolog har han hovudsakleg arbeidt med eukaryote mikroorganismar i økologisk og evolusjonær samanheng, medan limnologien opnar for studiet av tydinga deira i dei mest forskjelligarta akvatiske miljø. Han har òg studert og skrive om fenologien til plantar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dag Klaveness» frå , den 6. september 2011.
Bakgrunnsstoff
Dag Klaveness på UiO Våren - når kommer den ? Apollon nr. 1/1998, 42-45. Fra kontemplasjon til kommers. Apollon nr. 3/2001 Ukjent livsform i havet gir svar på evolusjonsutviklingen Publisert 19.12.2006
Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske biologiprofessorar Kategori:Norske biologar Kategori:Norske limnologar