mini|Frå ein skuledebatt i Oslo i 2005. Skuleval er ei form for prøveval som blir halde ved skular i samband med andre val, som lokalval, stortingsval eller folkerøystingar. Vala er meint å vekkja politisk interesse og engasjement blant ungdom og læra dei noko om den demokratiske prosessen.
Vala spelar ei sentral rolle i det valførebuande arbeidet til skulane, og dei er ein viktig del av valkampen til dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane. Formålet er likevel fyrst og fremst å vera eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auka den politiske kompetansen og interessa blant dei unge. Gjennom skuleval får elevane praktisk røynsle med livet i eit vallokale, og dei blir direkte eksponerte for politisk argumentasjon. Tanken er at kompetanse og interesse er avgjerande for å få fleire fyrstegongsveljarar til å nytta sin demokratiske rett til å røysta.
I Noreg blir skuleval arrangert og koordinert på nasjonalt nivå. Alle vidaregåande skular kan delta og rapportera inn sine resultat. Noreg er det landet i verda med lengst røynsle med å ha ei slik nasjonal ramme rundt skulevala, men i seinare år har liknande nasjonale skuleval blitt arrangert både i Litauen og i Danmark. Norsk senter for forskningsdata AS (NSD) har spelt ei sentral rolle i gjennomføringa av alle skulevala i Noreg, og NSD har fått i oppdrag å arrangera skuleval fram til og med valet i 2021. Dette langsiktige perspektivet er også eit særnorsk fenomen, og det viser tydeleg at styresmaktene legg vekt på demokratiopplæring.
Det er blitt halde skuleval i Noreg før kvart lokal- og storingsval frå 1989. Det blei også halde skuleval i samband med folkerøystinga om EU-medlemskap i 1994.
Bakgrunn På 1980-talet vart det gjennomført prøveval på mange vidaregåande skular i Noreg, men det fanst ikkje noko felles opplegg for rapportering og presentasjon av resultata. Før stortingsvalet i 1989, tok Geir Helljesen i NRK initiativet til å samordna prøvevala på nasjonalt nivå for fyrste gong. Ved å bruke resultattenesta som datafirmaet IBM gjennom fleire tiår hadde bygd opp rundt stortings- og kommunevala, kunne valresultata ved skulane bli rapportert og handsama på ein enkel måte. Skulevalet følgde elles same opplegg som det ordnære valet, med presentasjon av resultata på tekst-TV, i aviser og i Valrevyen på NRK. I tillegg vart skulevalresultata sett inn i ei større pedagogisk ramme. Norsk senter for forskningsdata AS (tidlegare Norsk Samfunnsvitskapeleg Datateneste AS) gjennomførte ei valundersøking blant elevane, og dei distribuerte data og undervisingsmateriell til skulane, slik at det skulle bli lettare å bruka data både frå valet og valundersøkinga i undervisinga. Prosjektet vart støtta av Kunnskapsdepartementet, som gjennom Rådet for vidaregåande opplæring og Datasekretariatet gav viktige tilskot til gjennomføringa.
Gjennomføring og deltaking Skulevala i Noreg omfattar tre underprosjekt. Dei tre datainnsamlingane gjev eit rikt datamateriale som skulane kan nytta i undervisinga:
PrøvevaletNår det er stortingsval skal elevane velja blant dei listene som stiller ved stortingsvalet i det fylket skulen ligg i. I år med lokalval skal elevane velja mellom dei listene som stiller ved fylkestingsvalet i det fylket skulen ligg i. Ved kommuneval kan det vere mange lokale lister som gjer det meir komplisert både å arrangera valet, men også å formidla resultata på tvers av skular og fylke. Alle elevane ved skulen har røysterett.Skulane kan også delta i sametingsskuleval, som blir avvikla dei åra det er stortingsval. Berre elevar som oppfattar seg sjølv som same, og som let seg føra opp i eit særskilt samemanntal ved skulen, har røysterett ved sametingsskuleval. Elevane skal velja blant dei listene som stiller ved sametingsvalet i den valkrinsen skulen ligg i. Valundersøking blant elevarSkulane kan også delta i ei valundersøking. Undersøkinga inneheld om lag 50 spørsmål. Blant anna finst det spørsmål om kva haldningar elevane har til aktuelle samfunnsspørsmål, og om kor politisk interesserte og aktive elevane er. Data frå valundersøkinga kan kasta ljos over langt fleire problemstillingar enn det valdata kan gjera åleine. Til dømes kan ein finna ut korleis ungdom stiller seg til miljøvern, eller ein kan undersøkja samband mellom variablar, til dømes om elevar som støttar ulike parti, har det same synet på miljøvern. Valundersøking blant eit representativt utval av det norske folketSamstundes med skulevalet, blir det gjennomført ei valundersøking i eit representativt utval av det norske folket. Denne undersøkinga inneheld somme av dei same spørsmåla som finst i valundersøkinga gjennomført blant elevar. Dette opnar for at ein kan finna skilnader og likskapar mellom elevgruppa og heile folket.
Alle vidaregåande skular i Noreg blir invitert til å bli med på prosjektet. Skulane vel sjølv om dei vil ta del, og om dei skal delta i prøvevalet eller i valundersøkinga (eller båe).
Deltakinga har vore høg heilt sidan oppstarten i 1989. Storparten av alle skular på vidaregåande nivå, vel å vera med på prøvevalet. Færre skular tek del i valundersøkinga, men det er likevel snakk om svært store datamengder. Få skular deltek i sametingsskuleval.
Deltaking i skulevala År Tal på skular Tal på elevar avkryssa i manntala 1989 404 1991 411 1993 411 1994 447 1995 424 120964 1997 424 117072 1999 402 108847 2001 370 101907 2003 402 113706 2005 382 126012 2007 389 124041 2009 416 137564 2011 405 136936 2013 419 1515482015395149872
Deltaking i sametingsskulevala År Tal på skular Tal på elevar avkryssa i manntala 2005 17 257 2009 32 247 2013 35 259
Deltaking i skulevalsundersøkinga År Tal på skular Tal på svar 1989 107 41032 1991 164 63433 1993 213 76062 1994 178 58331 1995 185 62521 1997 187 57876 1999 191 56250 2001 181 48052 2003 167 41842 2005 168 41438 2007 137 26429 2009 161 35872 2011 155 30758 2013 177 35087201513930787
Valform og rapporteringsmåte Skulevala blei i perioden 1989 – 2001 gjennomført på tradisjonelt vis med stemmesetlar, urne og manuell teljing ved kvar skule. Skulen ringte til valsentralen og las opp resultatet. Ved valet i 2001 vart i tillegg ein ny rapporteringsmåte innført: Skulane kunne logga seg inn på ei resultatrapporteringsside på Internett og registrera resultatet der. 300 skular rapporterte resultatet via nettsida, medan 70 skular valde å ringja inn resultatet slik som før. Valet i 2001 var også det fyrste valet der e-post var ein av dei viktigaste kommunikasjonskanalane mellom arrangøren og skulane.
Tradisjonelt val med papirstemmesetlar og urne, har også etter valet i 2001 vore hovudforma. Skulane har talt opp resultatet manuelt, og registrert resultata i eit skjema på nettsidene til skulevalet.
I tillegg har ein prøvd ut ulike opplegg for elektronisk val. Ved skulevalet i 2003, prøvde ein ved 38 skular ut eit opplegg for røysting over Internett i kontrollerte omgjevnader. Skulane måtte installera to program; eitt som skulle generera passord, og eitt som skulle senda røystene. Elevane skulle gå til eit bestemt vallokale ved skulen. Ved manntalskontrollen, blei det generert eit passord som eleven skulle ta med seg til valterminalen (ei datamaskin kopla til Internett). Eleven nytta passordet til å røysta. Røysta vart automatisk send til resultatdatabasen ved NSD, men den vart også lagra lokalt. Då ein avslutta valet, vart alle dei lokale loggfilene sende til NSD, og ein måtte registrera valstatistikken i eit skjema på Internett. Denne løysinga vart lettare modifisert og nytta i samband med skulevala i 2005 og 2007.
I samband med skulevalet i 2007, initierte Kommunal- og regionaldepartementet eit prøveprosjekt med røystegjeving over Internett i ukontrollerte omgjevnader. Buskerud fylkeskommune samarbeidde med Utdanningsdirektoratet om å gjennomføra forsøket ved dei vidaregåande skulane i Buskerud. Datafirmaet Conexus AS hadde det valtekniske ansvaret. Prøveprosjektet ble gjennomført parallelt med det ordinære skulevalet. Røystetala frå Buskerud er seinare blitt lagt til i den sentrale resultatdatabasen som finst på www.samfunnsvevn.no . Elevane fekk utdelt eit valkort med påloggingsinformasjon. Elevane kunne røysta kor og når det høvde best. Dersom dei angra seg (eller hadde blitt utsette for press), kunne dei få hjelp av skulen til å gjera om på den registrerte røysta. Ved prøveprosjektet med internettrøysting i 2007, tok om lag 21 % av elevane del i valet.
I 2009 vart opplegget for elektronisk val ved det ordinære skulevalet forenkla. Ein utvikla ein internettapplikasjon som var enklare for skulane å administrera og nytta, men det var samstundes meir sårbart for tekniske feil, slik som brot på internettlina. Framleis måtte elevane gå til eit bestemt vallokale (val i kontrollerte omgjevnader), der dei skulle kryssast av i manntalet og få eit passord som skulle nyttast til å stemma via ei nettside. Passorda måtte skulen lasta ned frå nettsida til skulevalet. Etter at siste elev hadde stemt, måtte skulen logga seg inn på nettsida til skulevalet og registrera valstatistikken. Dette opplegget vart også nytta ved vala i 2011 og 2013.
Største parti ved skuleval 1989: Framstegspartiet 1991: Sosialistisk Venstreparti 1993: Sosialistisk Venstreparti 1995: Arbeidarpartiet 1997: Arbeidarpartiet 1999: Sosialistisk Venstreparti 2001: Sosialistisk Venstreparti 2003: Framstegspartiet 2005: Framstegspartiet 2007: Arbeidarpartiet 2009: Framstegspartiet 2011: Arbeidarpartiet
2013: Høgre 2015: Arbeidarpartiet
Valresultat ved skulevala ÅrSkularElevarRSVAPSPMDGKrFVHFrPAndre1989404137 4681,513,719,65,61,84,67,120,922,03,21991411162 5623,321,816,810,91,75,45,217,414,73,01993411161 9913,718,917,216,51,04,55,114,511,27,41995424150 7056,413,219,112,41,75,65,614,314,17,71997424144 3756,514,222,17,11,77,36,210,719,44,91999402139 4755,919,217,65,51,25,74,617,917,94,52001370132 8284,923,511,74,61,06,13,516,414,114,02003402149 2294,621,513,47,01,03,73,412,925,76,52005382160 6504,316,621,77,21,03,73,111,625,25,52007389171 7576,710,821,27,21,33,85,017,521,15,32009416179 5874,810,323,45,81,33,76,016,224,04,32011405179 1343,65,029,85,01,43,56,824,016,54,22013419186 8643,75,023,04,23,82,86,728,215,66,92015395185 8694,77,531,85,76,83,26,516,410,76,9
Involverte aktørar Oppdragsgjevar/finansieringskjelde Frå og med valet i 1989 til og med valet i 2003, vart prosjektet finansiert av Kunnskapsdepartementet (Departementet har hatt ulike namn i perioden.). Frå og med skulvalet i 2005 har Utdanningsdirektoratet hatt det øvste ansvaret for prosjektet.
Norsk senter for forskningsdata AS (NSD) For alle skulevala har NSD Gjennomført ei valundersøking blant elevane. Gjennomført ei valundersøking blant eit representativt utval av det norske folk med nokre av dei same spørsmåla ein finn i elevundersøkinga. Tilrettelagt alle data for undervisingsformål. Utvikla læremateriell med utgangspunkt i data frå skulevala.
Frå og med valet i 1995 har NSD stått ansvarleg for gjennomføringa av heile skulevalet.
Dei vidaregåande skulane Skulane organiserer prosjektet lokalt. Dei melder seg på, dei organiserer valkampen på skulen, dei organiserer datainnsamlingane i tråd med retningslinene, og dei rapporterer resultat.
Ungdomspartia Skulevala er ein viktig arena for dei partipolitiske ungdomsorganisasjonane. Ungdomsorganisasjonane samarbeider med skuleeigar og skulane om å gjennomføra valordskifte og/eller valtorg ved skulane. Valkampen på skulane er eit viktig verkty i arbeidet med å gjera politikk til noko konkret og interessant for elevane. På grunn av åtaket mot sommarleiren til AUF på Utøya sommaren 2011, vart valordskifta avlyst og erstatta med valtorg ved skulevalet dette året.
Fylkeskommunane (skuleeigar) Skuleeigar er aktiv i organiseringa av valordskifta eller valtorga ved skulane. Fylkeskommunane speler også ei viktig rolle i høve til det å informera skulane om prosjektet, og med å informera arrangør om til dømes lister som stiller til val.
IBM