Guglielmo Brutus Icilius Timeleone Libri Carucci dalla Sommaja () var ein italiensk matematikar.
mini|left|Histoire des sciences mathématiques en Italie, 1838
Han var professor i Pisa i 1823 og i Paris frå 1832. I 1850 vart han tiltalt for tjuveri i stor stil av sjeldne manuskript og bøker frå franske bibliotek, men flykta til England og unngjekk straff. Det har vore reist tvil om skuldingane var riktige. Namnet til Libri er knytt til den kjende Parisaravhandlinga til Niels Henrik Abel, som etter å ha vore forseinka i mange år kom ut i 1841. Libri las korrektur på avhandlinga, men manuskriptet forsvann på mystisk vis og vart seinare ettersøkt til ingen nytte. Professor Viggo Brun fann i 1955 det meste av manuskriptet i eit lite italiensk bibliotek.
Kjelder
Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Folk frå Firenze Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Matematikarar på 1800-talet