Johann(es) (van Waveren) Hudde () var ein nederlandsk matematikar og politikar.

Han var i mange år borgarmeister i Amsterdam. Under den fransk-nederlandske krigen i 1672 leia han oppsynet med flaumane til hjelp for forsvaret.

Som matematikar er han kjend for ein metode for å avgjere multiple røter i ei likning. To av avhandlingane hans vart trykte som tillegg til La Géométrie av René Descartes, som kom ut i 1659. Han dreiv òg med matematiske formlar for livsforsikring og livrenter, og dessutan med konstruksjon av fysiske og astronomiske instrument.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske matematikarar Kategori:Folk frå Amsterdam Kategori:Nederlandske politikarar Kategori:Matematikarar på 1600-talet