mini|Logaritmisk spiral mini|Tverrsnitt av eit snigleskjel som ein tilnærma logaritmisk spiral. Ein logaritmisk spiral er i matematikk ei kurve som i polarkoordinatar har likninga
Her er a ein konstant, e grunntalet i det naturlege logaritmesystemet og φ ein variabel vinkel. Den karakteristiske eigenskapen for denne spiralen er at vinkelen mellom radius-vektor og tangenten er den same overalt. Logaritmisk spiral er spiralforma og nærmar seg polen (origo) i tettare og tettare vindingar i ei uavgrensa mengd.
Logaritmiske spiralar vart først studert av Rene Descartes. Ein finn spiralen i fleire tilfelle i naturen, til dømes i vindingane av somme sniglehus.
Kjelder
Kategori:Spiralar Kategori:Logaritmar