Zug (fransk Zoug, italiensk Zugo, retoromansk Zug, latin Tugium) er ein tysktalande by og kommune i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 425 meter over havet.
Byen Zug er hovudstad i kantonen Zug og ligg ved Zugsjøen og ved foten av fjellet Zugerberg. På dei lågareliggande fjellsidene veks mange frukttre og Zugs mest kjende jordbruksprodukt er kirschwasser. Dei fleste innbyggarane talar tysk og er katolikkar.
mini|venstre|Utsikt over Zug frå Zugerberg, oktober 2005
Historie Byen er omtala første gongen i 1240. År 1273 kjøpte Rudolf av Habsburg byen. Zug vart sidan styrt av ein fut, som formelt var godkjent av habsburgarane og ei rådsforsamling. Fleire område på den kringliggjande landsbygda, til dømes Baar, Menzingen og Aegeri, hadde alle si eiga Landsgemeinde (kommune), men vart styrt av ein einaste fut, også han var utpeika av habsburgarane. Desse områda vart kalla Aeusser Amt. 27 juni 1352 gjekk både byen Zug og Aeusser Amt inn i det ferske sveitsiske eidsforbundet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zug» frå , den 21. september 2011.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettside (tysk) Bilete av Zug Bilete av og historia til Zytturm
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Zug Kategori:Frie riksbyar