«Magic Dance» (òg kjend som «Dance Magic») er ein song skriven og spelt inn av David Bowie for Jim Henson-filmen Labyrinth. Han vart gjeven ut som ein singel i avgrensa marknader i januar 1987. Då Bowie døydde i 2016 nådde singelversjonen av «Magic Dance» 63. plassen på iTunes-lista i Storbritannia.
Detaljar og bakgrunn Bowie skreiv og spelte inn fem songar for Labyrinth, der han òg spelte rolla som Jareth, kongen over nissane. «Magic Dance» vart skriven for ein scene der Jareth og nissane hans underheld eit gråtande barn som har blitt ønskt bort av heltinna i filmen, Sarah Williams. I filmen framfører Bowie songen med Toby Froud som babyen og 50 dokker og 12 statistar i kostyme som nissar.
Songen er skildra som «ein enkel dansesong som er driven av elektrisk bass og empatiske trommer», Teksten til «Magic Dance» referer til filmen The Bachelor and the Bobby-Soxer frå 1947 med Cary Grant og Shirley Temple, der dei to har eit kall-og-svar-vers: «You remind me of a man.» «What man?» «The man with the power.» «What power?» «The power of hoodoo.» «Who do?» «You do!». I «Magic Dance» er «man» erstatta med «babe» og «hoodoo» med «voodoo».
Bowie framførte babygurglinga i songen, sidan babyen til korsongaren Diva Gray, som var meint å lage lyden, ikkje ville gurgle i mikrofonen. Under produksjonen av filmen og mot under rulleteksten vert songen kalla «Dance Magic.»
Utgjeving «Magic Dance» er det tredje sporet på Labyrinth, gjeve ut i juli 1986 i samband med filmpremieren i USA. I 1987 vart songen gjeven ut på ein 12"-singel i somme marknader i USA. Ein singelversjon vart miksa, men aldri gjeven ut, og ein versjon av «Dance Mix» (feilaktig kalla «single mix») kom ut i New Zealand på Best of Bowie (2002). Singelen kom ikkje ut i Storbritannia før han vart tilgjengeleg digitalt tidleg i 2007.
Mottaking I 1986 nådde «Magic Dance» 40. plassen i New Zealand. Då Bowie døydde i 2016 var «Magic Dance» den 19. bestseljande Bowie-songen for digital nedlasting i Storbritannia.
BBC America kalla «Magic Dance» «ein av dei mest leikne og undervurderte Bowie-songane», medan Vice-skribenten Kamila Rymajdo rekna han som «kanskje den mest gledelege songen om magi nokon gong». David Brusie i The A.V. Club kalla songen «smittsam dum», og skreiv at han har ein «manisk energi». Cheryl Eddy skreiv for Gizmodo at songen var ein «evig riv-ned-klubben-fantasi-jam». «Magic Dance» vart rangert på tredjeplassen på ei liste over dei 10 beste David Bowie-songane brukt i film av Ben Sherlock i Screen Rant som meinte det var den beste Bowie-songen frå Labyrinth og at han «framleis har høvet til å gjenopplive ein døyande fest meir enn 30 år seinare.»
Somme kritikarar har sett likskapar mellom «Magic Dance» og den tidlegare Bowie-songen «The Laughing Gnome», sidan begge er bygde kring tradisjonelle barneregler og inneheld komiske nisse-stemmer.
Innhald
12": EMI America / V-19217 (USA) «Magic Dance» (A Dance Mix) – 7:06 «Magic Dance» (Dub) – 5:22 «Within You» – 3:28
Digitalt: EMI / i19217 (USA) «Magic Dance» (singelversjon/7" Remix) – 4:00 «Magic Dance» (12" Remix/Dance Mix) – 7:16 «Magic Dance» (Dub) – 5:31 «Magic Dance» (7" Remix) – 4:39
Medverkande David Bowie – vokal, korvokal, produsent Arif Mardin – produsent Dann Huff – gitar Will Lee – ekstra bass, korvokal Steve Ferrone – trommer Robbie Buchanan – klaverinstrument, synthesizer, arrangement Diva Gray - korvokal Fonzi Thornton – korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magic Dance» frå , den 7. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1986 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:EMI America Records-singlar Kategori:Songar om dansing Kategori:Songar skrivne for filmar