«The Buddha of Suburbia» er kjenningsmelodien til BBC-serien med same namn, skriven og framført av David Bowie i 1993. Han vart spelt inn på ny med Lenny Kravitz for Bowie-albumet som òg vart kalla The Buddha of Suburbia, og som var inspirert av musikken han skreiv for serien. Singelen nådde 35. plassen på den britiske singellista.
Bakgrunn Songen var ein av få songar frå serien som faktisk vart nytta uendra for albumet. Den nostalgiske teksten høvde til stilen som var ein slags etterlikning av tidlegare songar av Bowie, samstundes som det høyrdest nytt ut. To stader i songen referer Bowie til to av sine eigne, gamle songar, mellom anna gitarpausen frå «Space Oddity» og linja «Zane, zane, zane, ouvre le chien» frå «All the Madmen».
Forvirrande nok var det gjeve ut ulike versjonar av songen, utan noko i tittelen som skilde dei. Albumspor nummer 1 («Buddha of Suburbia») er utan Lenny Kravitz. Albumspor nummer 10 er med Kravitz. Spor nummer 4 på CD-singelen er kalla «Buddha of Suburbia (Rock Mix)», men er den same som albumspor nummer 10. Spor nummer 1 på CD-singelen er berre kalla «Buddha of Suburbia», men står oppført som «med Lenny Kravitz på gitar». Ei nøye samanlikning har synt at denne songen er hovudsakleg den same som spor nummer 1 på albumet, men har endinga frå albumspor nummer 10 (med Lenny Kravitz) i staden for den originale endinga til spor nummer 1.
I tillegg er det eit par sekund med «støy» på slutten av spor nummer 1 på albumversjonen. Denne lyden finst ikkje på slutten av nokre av singelversjonar, og på 2007-utgåva av albumet er denne lyden flytta til byrjinga av spor nummer 2 i staden.
Det vart laga ein musikkvideo for songen der Bowie framfører songen vandrande rundt i ein forstad (suburb) i England, blanda med scenar frå serien.
Kontrovers Songen skapte ein mindre kontrovers på begge sider av Atlanteren då Radio 1 laga ein redigert versjon som dekte til ordet «bullshit» i teksten, og amerikanske nettverk redigerte om videoen for å fjerne klipp der Bowie røykjer ein sigarett.
Mottaking Alan Jones frå Music Week skreiv, «TV-serien er basert i syttiåra og tittelsongen til Bowie framkallar både denne perioden og musikken hans frå den gongen. Den uvanlege teksten kan skape problem på radio, men det er framleis kommersielt og fengande.»
Innhald Alle songar skrivne av David Bowie.
7" vinylsingel
Storbritannia, Tyskland, Nederland: Arista-BMG / 74321 17705 7
Kassettsingel
Storbritannia, Tyskland, Nederland: Arista-BMG / 74321 17705 4
CD-singel
Storbritannia, Tyskland, Nederland: Arista-BMG / 74321 17705 2
Collectors Edition CD-singel Samlarutgåve med holografisk CD
UK: Arista-BMG / 74321 18168 2
Medverkande Produsentar: David Bowie David Richards Musikarar: David Bowie – vokal, klaverinstrument, gitar, synthesizer, saksofon Lenny Kravitz – gitar på «The Buddha of Suburbia» Erdal Kızılçay – bass, trommer, klaverinstrument, perkusjon, trompet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Buddha of Suburbia (song)» frå , den 13. september 2021. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,
Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Kjenningsmelodiar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Buddhisme i musikk Kategori:Songar frå 1993