«Telling Lies» er ein song og ein singel av David Bowie skriven i 1996 og gjeven ut i 1997 på albumet Earthling.

Tre versjonar av «Telling Lies» kom ut på den offisielle nettstaden til Bowie den 11. september 1996 – ein versjon kom ut i veka tre veker på rad - og utgjorde den første nedlastbare singelen nokon gong av ein større artist. I følgje pressmeldingar lasta over 300 000 menneske ned den originale singelen då han berre var tilgjengeleg på Internett. To månader seinare vart han gjeven ut på ein singel av BMG.

Bakgrunn Bowie lanserte singelen med ein nettbasert chat, der han og to andre folk som lata som dei var han svarte på spørsmål frå publikum (Bowie fortalte sanninga; dei to andre «fortalte løgner» (telling lies)). Publikum skulle så stemme over kven dei trudde den «verkelege» Bowie var. Transkripsjonar frå chatten synte at flest enda opp med å stemme på den verkelege Bowie,http://www.bowiewonderworld.com/chats/dbchat0996.htm sjølv om andre kjelder hevda han kom på tredjeplassen.

Det vart ikkje laga musikkvideo til songen.

Singelen «Telling Lies (Feelgood mix by Mark Plati)» – 5:07 «Telling Lies (Paradox mix by A Guy Called Gerald)» – 5:10 «Telling Lies (Adam F mix)» – 3:58

Ein avgrensa CD med eit anna omslag kom ut med dei same spora. Det finst òg ein dobbel 12" vinylutgåve som inneheld dei tre miksane, og der A Guy Called Gerald-miksen var med to gonger.

Medverkande Produsentar: David Bowie Musikarar: David Bowie – vokal, gitar, saksofon, samplingar, klaverinstrument Reeves Gabrels – programmering, synthesizer, verkeleg og sampla gitarar, vokal Mark Plati – programmering, bandsløyfer, samplingar, klaverinstrument Gail Ann Dorsey – bass, vokal Zachary AlfordDiscogs - Zachary Alford - (profile & discography) – trommesløyfer, akustisk trommer, elektronisk perkusjon Mike Garson – klaverinstrument, piano

Salslister Lister (1996-1997)PlasseringOfficial Charts Singles UK76

Konsertopptak Eit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i Nederland den 10. juni 1997, kom ut på LiveAndWell.com i 2000.

Andre utgjevingar «Adam F mix» kom ut som bonusspor på den japanske utgåva av Earthling. Han vart òg gjeven ut på den britiske utgåva av singelen «Little Wonder» i januar 1997. «Paradox mix» kom ut i Storbritannia på 12"-utgåva av singelen «Dead Man Walking» i april 1997. Denne miksen kom òg ut på bonussplata til LiveAndWell.com i 2000. «Feelgood mix» og «Paradox mix» kom ut på bonusplata av Digibook Expanded Edition på Earthling i 2004.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Telling Lies» frå , den 18. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1996 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Arista Records-singlar