Lisa Germano () er ein amerikansk songar, låtskrivar og multi-instrumentalist. I tillegg til eigne utgjevingar, har ho medverka på mange utgjevingar av andre artistar.
Albumet hennar Geek the Girl (1994) fekk særs god kritikk, og vart mellom anna av magasinet Spin kalla «eit av tiårets album». Ho er gjesteartist på over seksti plater med artistar som John Mellencamp, Simple Minds, David Bowie, Neil Finn, Sheryl Crow, Iggy Pop, Jewel Kilcher og Eels.
Diskografi
Eigne utgjevingar
On the Way Down from the Moon Palace (Major Bill, 1991) Happiness (Capitol, 1993) Happiness (4AD, 1994) Geek the Girl (4AD, 1994) Excerpts from a Love Circus (4AD, 1996) Slide (4AD, 1998) Concentrated (Sjølvutgjeven samle-cd, 2002) Rare, Unusual or Just Bad Songs (Sjølvutgjeven samle-cd, 2002) Lullaby for Liquid Pig (Ineffable/ARTISTdirect, 2003) In the Maybe World (Young God, 2006) Magic Neighbor (Young God, 2009)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lisa Germano» frå , den 29. september 2011.
Kategori:USA-amerikanske fiolinistar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå Indiana