Donald Eugene «Don» Cherry () var ein innovativ afroamerikansk jazzkornettist. Han spelte mykje i lag med sakofonisten Ornette Coleman i løpet av karrieren.
Don Cherry fekk gjenombrotet sitt mot slutten av 1950-talet då han og Ornette Coleman spelte frijazz og gav ut albumet The Shape of Jazz to Come i 1959. Dei to var sist saman ved Moldejazz 1987 da Coleman kalla prosjektet Prime Time og Cherry brukte pikkolo-trompet. Etter å i 1967 ha flytta til Sverige i protest mot Richard Nixon drog Cherry første gong til Moldejazz 1968 med New York Total Music, som var Karlhanns Berger vibrafon, Kent Carter bass og Jacques Thollot trommer. Den norske fjernsynsmannen Svein Erik Børja frå NRK, som var der med elektronkamera, fekk ros av Don Cherry for «sensitivitet og kunstnarisk sans».
Den norske bassist Arild Andersen var i Cherrys delvis svenske Ethernal Rhythm Orchestra ved Berlin Jazz Days 9.11.1968, konsertopptaka vart til plata Eternal Rhythm (MPS, 1969). Han var så ved Sandvika kino den 9.10.1969 i sekstett med Karin Krog song, Sidsel Paasche munnharpe, Arild Andersen bass, Terje Rypdal gitar og Jan Garbarek saksofon. Ifølge Garbarek var Cherry «...ein svart amerikanar som gjekk i indianske klede og spelte indisk og tyrkisk musikk. Me spelte verdsmusikk lenge før omgrepet eksisterte«.
Han var med trio ved Kongsberg Jazzfestival 1971. Med sitt The Organic Music Theatre gjesta Cherry jubileumsfestane til Club 7 den 27.9.1973 og 24.10.1978, inniblant dei to, var han igjen ved Kongsberg Jazzfestival 1975 med Billy Higgins, Frank Low og Arild Andersen bass. Både ved Moldejazz 1979 og 1982 brakte han bandet Old and New Dreams Band, med Dewey Redman tenorsaksofon, Charlie Haden bass og Ed Blackwell trommer, medan han og Blackwell ved Moldejazz 1984 spelte med det norske Tamma, der Finn Sletten, Erik Balke, Per Jørgensen, Jon Balke og Sveinung Hovensjø spelte. Ved Kongsberg Jazzfestival 1986 måtte Cherry trekke ei tann og Blackwell vart innlagd for nyreproblem. Med Bobo Stenson var Cherry på Musikkflekken den 29.11.1991. Han spelte lommetrompet ved Vossajazz 1993, i kvartett med Bob Stewart tuba, Hamid Drake trommer, og Carlos Ward saksofon.
Cherry døydde av leversvikt. Gjennom ekteskapet sitt med svenske Maylen Bergström hadde han dei svenskfødde stedøtrene Neneh Cherry (1964-) og Titiyo (1967), begge popstjerner, og dei to sønene hans er låtskrivaren Eagle-Eye Cherry (1971-) og jazzpianist David Ornette Cherry. Det var faren som skreiv tittellåten til Eagle-Eye Cherry-plata Desireless som kom ut i 1998.
Diskografi Som leiar 1961: The Avant-Garde (medleiar med John Coltrane) 1965: Complete Communion (Blue Note) 1966: Symphony for Improvisers (Blue Note) 1966: Where is Brooklyn? (Blue Note) 1966: Live at Cafe Montmartre ESP-disk , med Gato Barbieri, Bo Stief 1968: Eternal Rhythm, med Sonny Sharrock, Karl Berger 1969: Mu, duett med Ed Blackwell 1970: Human Music, med Jon Appleton 1971: Orient trioinnspelingar, opptak frå Frankrike, med Han Bennink 1971: Blue Lake konserttrio, med Johnny Dyani og Okay Temiz 1972: Organic Music Society (Caprice) 1973: Relativity Suite - Jazz Writer's Orchestra 1975: Brown Rice A&M Records med Billy Higgins og Charlie Haden 1976: Hear and Now - jazz-funk fusion med gitarist Stan Samole. 1982: El Corazón ECM Records med Ed Blackwell 1985: Home Boy reggae/rap-songar, spelt inn i Paris med lokale musikarar 1988: Multikulti A&M Records, med Peter Apfelbaum's Hieroglyphics Ensemble på tre songar. 1988: Art Deco A&M Records med James Clay og Billy Higgins 1993: Dona Nostra ECM Records 2002: Live at Bracknell Jazz Festival 1986 BBC Nu-kvinttet med Carlos Ward, Mark Helias, Ed Blackwell og Nana Vasconcelos. 2002: Blue Lake
Med Old and New Dreams Old and New Dreams (Black Saint, 1976) Old and New Dreams (ECM, 1979) Playing (ECM, 1980) A Tribute to Blackwell (Black Saint, 1987) Med Codona Codona (ECM, 1979) Codona 2 (ECM, 1981) Codona 3 (ECM, 1983)
Som sidemann Med Ornette Coleman Something Else!!!! (1958) The Art of the Improvisers (1959) Tomorrow Is the Question! (1959) The Shape of Jazz to Come (1959) Change of the Century (1960) This is our Music Free Jazz: A Collective Improvisation (1960) Crisis (Impulse!, 1969) Science Fiction (1971) In All Languages (1987)
Med New York Contemporary Five Consequences (Fontana, 1963) New York Contemporary Five Vol. 1 (Sonet, 1963) New York Contemporary Five Vol. 2 (Sonet, 1963) Bill Dixon 7-tette/Archie Shepp and the New York Contemporary Five (Savoy, 1964)
Med Albert Ayler The Hilversum Session (1964) Vibrations (1964) Freedom Records New York Eye and Ear Control (1965)
Med Charlie Haden Liberation Music Orchestra (1969) The Ballad of the Fallen (1986) The Montreal Tapes
Med Sun Ra Hiroshima (1983) Stars That Shine Darkly (1983) Purple Night (1990) Somewhere Else (1993)
Med andre Steve Lacy - Evidence (1962) Sonny Rollins - Our Man in Jazz (1962) George Russell - George Russell Sextet at Beethoven Hall (1965) Carla Bley - Escalator over the Hill (JCOA, 1971) Alejandro Jodorowsky og Ronald Frangipane - "The Holy Mountain Original Soundtrack" (1973) Collin Walcott - Grazing Dreams (ECM, 1977) Latif Khan - Music/Sangam (1978) Johnny Dyani - Song For Biko (1978) Lou Reed - The Bells (1979) Bengt Berger - Bitter Funeral Beer (ECM, 1981) Rip Rig + Panic - I am Cold (1982) Bengt Berger Bitter Funeral Beer Band - Live In Frankfurt (1982) Frank Lowe - Decision in Paradise (1984) Jai Uttal - Footprints (1990) Ed Blackwell Project - Vol. 2: "What It Be Like?" (one track)
Bakgrunnsstoff Diskografi
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Don Cherry» frå , den 7. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske jazztrompetistar Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:Folk frå Oklahoma City
en:Don Cherry