New York er det 15. soloalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i januar 1989 på Sire Records. Det vart varmt teken imot då det kom ut og rekna som eit av dei beste soloplatene hans. Det vert særleg høgt akta for styrken og krafta i tekstane. Reed sa at han kravde enkel musikk slik at det ikkje tok merksemda bort frå den ærlege tekstane. Singelen «Dirty Blvd.» gjekk til topps på den nye Billboard Modern Rock Tracks-lista, der han låg i fire veker.
Det tidlegare bandet til Reed, The Velvet Underground, var på toppen av kult-populariteten sin seint i 1980-åra, men solokarrieren hans hadde teke nokre harde slag i 1980-åra. Den vide populariteten til New York sette fyr i karrieren hans att i så stor grad at The Velvet Underground vart samla saman att for ein verdsturné.
Velvet Underground-trommeslagaren Moe Tucker spelte perkusjon på to spor på albumet.
Bakgrunn og tekstar Den streite rockestilen på albumet var uvanleg på denne tida og i lag med andre utgjevingar som Graham Parker sitt The Mona Lisa's Sister var det eit forvarsel om at rocken var på veg attende til røtene. Tekstane gjennom dei 14 songane er overdådige og forsiktig fletta saman. New York er derfor eit konseptalbum. Den polemiske teksten i omslaget rådar lyttaren til å høyre gjennom heile albumet i ein eingong, som «om det var ei bok eller ein film». Teksten rettar kritikk mot mange offentlege personar på denne tida. Reed nemner Jomfru Maria, NRA, Rudy Giuliani, «the President» (Ronald Regan), «Statue of Bigotry» (Fridomsstatuen), Buddha, Mike Tyson, Bernard Goetz, Mr. Waldheim, «the Pontiff», Jesse Jackson, Hendrix, Swaggart og Morton Downey.
Reed henta òg inspirasjon frå somme av venen og samtidige artistar. Til dømes siterer Reed i siste songen «Last Great American Whale» John Mellencamp og refererer til han som «my painter friend Donald.» Då Mellencamp sjølv høyrte albumet sa han «Ja, det høyrest ut som det vart produsert av ein åttandeklassing, men eg likar det.»
Plateomslag Plateomslaget er eit fotografi med fem ulike bilete av Reed lagt over kvarandre i den same gata. Fotografiet er blått monokromt utanom skoa, som er brune. Fargane varierer i ulike utgåver. Fotografiet på baksida er frå same gate, men utan Reed. Bileta vart tekne av Waring Abbott. Omslaget vart designa av Spencer Drate, Judith Salavetz og Sylvia Reed.
Mottaking
New York vart kåra til det tredje beste albumet det året i kritikarundersøkinga Pazz & Jop i The Village Voice. «Om du kjøper det Reed sa om at New York er ei samanhengande, integrert oppleving 'som ei bok eller ein film',» skreiv Q i årsoppsummeringa si, «er dette utan tvil ein av milepålane i ein glimrande karriere som har svinga opp og ned.»
I 1995 skreiv Bill Prince i Q at New York «signaliserte byrjinga på avfrostinga av Velvet Underground.» Mark Deming skreiv i meldinga si for AllMusic at «New York er eit meisterverk innan litterær, vaksen rock & roll, og det beste albumet i solokarrieren til Reed.» David Marchese skreiv i Spin at albumet hadde ei «blanding av skarpe detaljar, rettferdig sinne og sylskarp rock» og «var det beste til Reed det tiåret.» I melding for Pitchfork i 2020 skreiv Daniel Felsenthal at New York var «ein plate med umiskjenneleg overtyding, ei så direkte og litterær, lærd og rasande at ho ikkje liknar på noko protestmusikk skrive før eller sidan.» Felsenthal skreiv: «Fødebyen hans blir hans Yoknapatawpha County, ein stad for synekdoker som omfattar store opplevingar. Som mykje flott fiksjon, har Reed si handtering av emna hans – eit utarma miljø, urfolksforfølging, antiabortfolk, politidrap, rasevald – fått større relevans i dag.»
I 1989 kåra Rolling Stone albumet til det 19. beste albumet frå 1980-åra. I 2006 plasserte Q albumet på 26. plassen på lista si over dei 40 beste albuma i 1980-åra I 2012 plasserte Slant Magazine albumet på 70. plassen på lista si over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.
Andre utgjevingar Reed framførte alle songane på New York i rekkjefølgje den 13. august 1989, i Théâtre Saint-Denis i Montreal i Canada, og denne framføringa kom ut på ein DVD kalla The New York Album. DVD-en inneheld òg eit lydintervju med Lou Reed («A Conversation with Lou Reed»).
I september 2020 kom ei luksusutgåve av New York med den ommastra plata på både CD og ein dobbel-LP, i tillegg til ein andre CD med konsertopptak frå turneen til Reed frå 1989, ein tredje med demoar, alternative miksar og ein song frå albuminnspelinga som ikkje var gjeven ut før, i tillegg to opptak av ekstranummer, og ein DVD frå konserten i Montreal.
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget til New York.
Lou Reed – solo- og korvokal, gitar Mike Rathke – gitar Rob Wasserman – kontrabass Fred Maher – trommer på alle songane utanom «Last Great American Whale» og «Dime Store Mystery», bassgitar på «Romeo Had Juliette» og «Busload of Faith» Moe Tucker – perkusjon på «Last Great American Whale» og «Dime Store Mystery» Dion DiMucci – korvokal på «Dirty Blvd.» Jeffrey Lesser – korvokal
Produksjon Lou Reed – produsent, miksing Fred Maher – produsent, lydteknikar, miksing Jeffrey Lesser – lydteknikar, miksing Victor Deyglio – lydteknikar (assistent) Mike Rathke – miksing Bob Ludwig – mastering Spencer Drate – kunstnarisk leiar/design Waring Abbott – fotografi Sylvia Reed – konsept, kunstnarisk leiar
Salslister Vekeslister Liste (1989/1990)PlasseringAustralia (ARIA Charts)25Den austerrikske albumlista8Den tyske albumlista19Den sveitsiske albumlista1US Billboard 20040UK Albums Chart14Den nederlandske albumlista8
Liste (2021) PlasseringDen ungarske albumlista33
Sal og salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «New York (album)» frå , den 9. april 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Lou Reed-album Kategori:Sire Records-album Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Album produserte av Fred Maher