Distriktet Waldenburg er eitt av fem distrikt i den tysk-talande kantonen Basel-Landschaft i Sveits. Distriktet hadde 15 599 innbyggarar per 31. mars 2011 og dekker eit areal på 105 km². Waldenburg grensar i sør og i vest til kantonen Solothurn.
Distriktet Waldenburg omfattar 15 kommunar. Hölstein og Oberdorf er dei to kommunane med meir enn 2 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Arboldswil, Bennwil, Bretzwil, Diegten, Eptingen, Lampenberg, Langenbruck, Lauwil, Liedertswil, Niederdorf, Reigoldswil, Titterten og Waldenburg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waldenburg (Bezirk)» frå , den 9. oktober 2011.
Kategori:Distrikt i Basel-Landschaft