The Raven er det nittande soloalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i 2003 på Sire Records. Det er eit konseptalbum som fortel noveller og dikt av Edgar Allan Poe gjennom ord og song, og var basert på operaen han skreiv i 2000 i lag med Robert Wilson, POEtry.

The Raven inneheld to nye og heilt forskjellige versjonar av to songar Reed hadde gjeve ut på tidlegare album, «Perfect Day» (opphavleg på Transformer frå 1972) og «The Bed» (på Berlin frå 1973). I tillegg til Reed, er det fleire gjestevokalist på albumet, som Laurie Anderson, David Bowie, Antony Hegarty, Steve Buscemi og Willem Dafoe. Produsenten på albumet, Hal Willner, hadde tidlegare hatt ansvaret for hyllestalbumet til Poe, Closed on Account of Rabies.

Innspelinga vart gjeve ut i to utgåve, som ei dobbeltplate og ei forkorta enkelplate. Målaren og filmskaparen Julian Schnabel laga plateomslaget. The Raven vart det siste soloalbumet til Reed med rock, sidan Hudson River Wind Meditations frå 2007 utelukkande består av new-age-musikk, og Lulu frå 2011 var eit samarbeid med heavy metal-bandet Metallica.

Innhald Dobbelplate

Plate to

Enkelplate

Medverkande Lou Reed - vokal, gitar Mike Rathke - gitar Fernando Saunders - bass, gitar Tony «Thunder» Smith - trommer Friedrich Paravicini - piano, tangentinstrument Jane Scarpantoni - cello, strykearrangement Doug Wieselman - baryton- & tenorsaksofon Paul Shapiro - tenorsaksofon Steve Bernstein - trompet, hornarrangement Art Baron - trombone på «Broadway Song» Ornette Coleman - altsaksofon på «Guilty» Frank Wulff - lirekasse, obo Kate & Anna McGarrigle - korvokal Antoine Silverman - fiolin Marti Sweet - fiolin Patrick Carroll - bass & trommeprogrammering på «Who Am I? (Tripitena's Song)» Shelly Woodworth - engelsk horn på «Who Am I? (Tripitena's Song)» Russ DeSalvo - gitar & tangentinstrument på «Who Am I? (Tripitena's Song)» Rob Mathes - strykearrangement «Who Am I? (Tripitena's Song)» Ric Wake - produksjon på «Who Am I? (Tripitena's Song)» Laurie Anderson - vokal på «Call On Me» Antony Hegarty - vokal på «Perfect Day», korvokal David Bowie - vokal på «Hop Frog» The Blind Boys of Alabama - korvokal på «I Wanna Know (The Pit And The Pendulum)» Willem Dafoe - stemme på «The Conqueror Worm», «The Raven» og «The Cask» Steve Buscemi - stemme på «Broadway Song», «Old Poe» & «The Cask» Elizabeth Ashley - stemme på «The Valley Of Unrest» Amanda Plummer - stemme på «Tripitena's Speech»

Teknisk Lou Reed – plateprodusent; miksing; innspeling Hal Willner – produsent Ric Wake – produsent på «Who Am I? (Tripitena's Song)» Tim Latham – innspeling; miksing Aaron Franz – ekstra lydteknikar Jim Monti – ekstra lydteknikar Julian Schnabel – design; fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Raven (Lou Reed album)» frå , den 11. oktober 2011 og 9. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Lou Reed-album Kategori:Musikkalbum frå 2003 Kategori:Sire Records-album Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Album produserte av Hal Willner Kategori:Musikk basert på verk av Edgar Allan Poe Kategori:Konseptalbum