The Stooges er debutalbumet til rockebandet The Stooges. Det kom ut i august 1969 og nådde 106. plass på Billboard-lista. To songar, «I Wanna Be Your Dog» og «1969», vart gjeven ut som singlar. Det vert generelt rekna som eit av dei beste protopunk-albuma. Med Ron Asheton sin mur av forvrengd gitar og wah wah-soloar og power-riff, vert det òg rekna for å ha hatt stor innverknad på hardrock.
Historie For det første albumet sitt, hadde The Stooges tenkt å spele inn fem songar: «I Wanna Be Your Dog», «No Fun», «1969», «Ann» og «We Will Fall». Dei fem songane var faste på konsertane til The Stooges på denne tida. Ein typisk Stooges-song i denne perioden bestod av to minuttar av komponert song etterfølgd av fleire minuttar med improvisasjonar. Bandet tenkte å spele inn desse fem songane på same måte og rekna med det var nok for albumet, men fekk beskjed frå Elektra om at dei trengde noko meir. I følgje Iggy Pop, «me gav dei (den fem-songar lange versjonen av) albumet og dei godtok det ikkje. Dei sa, 'Det er ikkje nok songar!' So me laug og sa 'Ingen problem, me har mange fleire.'»tekst i plateomslaget til 2005-utgåva, s. 9
I røynda var the Stooges ein dag føre seg sjølv då Iggy sa dette til Elektra. Kvelden før hadde dei skrive tre songar til, «Real Cool Time», «Not Right» og «Little Doll» og spelte dei for første gong i studio.
Ein første miks av produsenten John Cale, som visstnok likna tidlegare bandkollega frå Velvet Underground Lou Reed sin «skap-miks» av det tredje albumet deira, vart avslått av Elektra. Miksen ein kan høyre på den endelege versjonen, vart gjort av Iggy Pop og Elektra Records-direktør Jac Holzman. Fire av dei originale Cale-miksane vart seinare gjeven ut på bonusplata som følgde 2005-utgåva av albumet. Fem år seinare, vart alle Cale-miksane gjeven ut i uendra form 2010-utgjevinga av albumet.
I 2003 vart albumet rangert på 185. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Same magasinet inkluderte «1969» på lista si over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.
I mars 2005 plasserte Q «I Wanna Be Your Dog» på 13. plass på si liste over dei 100 beste gitarsongane.
Andre utgåver 16. august 2005 gav Elektra og Rhino Records i lag ut albumet som ei dobbelplate med ei nymastra versjon av albumet på eine plata og alternative opptak på den andre:
Den 7. mai 2010 gav Rhino Records igjen ut albumet i «Handmade»-serien sin som ein samlarpakke som inneheld to plater, ei 7" vinylplate og ein 7"x7"-stor bok. Den første plata inneheld heile albumet, singelversjonen av «I Wanna Be Your Dog», og alle dei originale John Cale-miksane av songane. Den andre plata og begge sidene av 7"-plata, inneheld «Asthma Attack», som ikkje tidlegare var gjeven ut, men som vart mykje spelt av bandet på konsertane deira i starten.
Innhald
Medverkande
The Stooges Iggy Pop (omtalt som «Iggy Stooge») – vokal Dave Alexander – bassgitar Ron Asheton – gitar, vokal Scott Asheton – trommer
Andre medverkande John Cale – piano, kanebjølle på «I Wanna Be Your Dog», bratsj på «We Will Fall», produsent
Teknisk Joel Brodsky – fotografi Danny Fields – notat i omslaget William S. Harvey – kunstnarisk leiar Jac Holzman – produsentoversyn
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Stooges (album)» frå , den 14. oktober 2011.
Kategori:Album produserte av John Cale Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:The Stooges-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Rhino Records-album Kategori:Plateomslag av Joel Brodsky 185 488