TV Eye Live 1977 eller berre TV Eye er eit konsertalbum av Iggy Pop som kom ut i 1978. Iggy tok imot eit forskot på $90 000 frå RCA Records for å gjere ferdig kontrakten sin med eit konsertalbum. I følgje allmusic.com vart albumet samla saman frå opptak frå miksepulten. Iggy Pop handsama dei i eit tysk studio, raskt og billig for kring $5 000. Albumet inneheld opptak frå konsertar i The Agora i Cleveland den 21. og 22. mars 1977; The Aragon i Chicago den 28. mars 1977 og The Uptown Theater i Kansas City den 26. oktober 1977.

Albumet er kjend for at David Bowie spelar tangentinstrument og syng korvokal for utvalde spor og for den heller knusande bass og trommelyden.

Innhald

Medverkande Iggy Pop: vokal David Bowie: piano (på spor 1, 2, 6 & 8) Ricky Gardiner: gitar (på spor 1, 2, 6 & 8) Stacey Heydon: gitar (på spor 3, 4, 5 & 7) Scott Thurston: gitar, piano, munnspel, synthesizer (på spor 3, 4, 5 & 7) Tony Sales: bass Hunt Sales: trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «TV Eye Live 1977» frå , den 17. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iggy Pop-album Kategori:album produserte av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 1978