Distriktet Sursee er eitt av fem distrikt (Ämtern) i kantonen Luzern i Sveits. Distriktet har eit areal på 302 km² og hadde 70 862 innbyggarar i 2010. Landsbyen Sursee er hovudstad i distriktet, og ligg ganske sentralt i distriktet som i nord grensar til Aargau.
Distriktet Sursee består av 22 kommunar. Omframt hovudstaden Sursee, som er den mest folkerike kommunen, har kommunane Ruswil og Neuenkirch meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Beromünster, Büron, Buttisholz, Eich, Geuensee, Grosswangen, Hildisrieden, Knutwil, Mauensee, Neudorf, Nottwil, Oberkirch, Pfeffikon, Rickenbach, Schenkon, Schlierbach, Sempach, Triengen og Wolhusen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sursee (Amt)» frå , den 21. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Sursee