Herbert Aaron Hauptman () var ein USA-amerikansk matematikar, kjemikar og nobelprisvinnar.

Biografi

Herbert Hauptman voks opp i New York City i ein jødisk familie. Etter fullført college tok han mastergrad i matematikk ved Columbia University. Graden var fullført i 1939. I 1940 gifte han seg med Edith Citrynell, som han skulle få to døtrer med.

Etter andre verdskrigen starta han eit samarbeid med kjemikaren Jerome Karle ved Naval Research Laboratory i Washington, D. C. samtidig som han starta på doktorgrad i matematikk ved University of Maryland. Hauptman hadde doktorgraden klar i 1955. Kombinasjonen av matematikk og kjemi var det som skulle til for å finna effektive matematiske metoder til å bestemma molekylstrukturar ved hjelp av m.a. røntgenkrystallografiske målingar. I 1985 delte Karle og Hauptman nobelprisen i kjemi for arbeidet sitt. Grunngjevinga lydde slik: "for sin avgjerande innsats ved utviklinga av direkte metodar for krystallstrukturbestemming."

Hauptman har vunne ei lang rekkje andre prisar, og han har forfatta ei mengd med vitskaplege tekstar. Han døydde 94 år gamal.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Herbert A. Hauptman» frå , den 25. oktober 2011.

kategori:USA-amerikanske kjemikarar kategori:USA-amerikanske matematikarar kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Matematikarar på 1900-talet