Friends er det fjerde albumet til Elton John og Bernie Taupin, spelt inn før det store gjennombrotet deira i USA. Det vart spelt inn som musikken for filmen Friends og kom ut 6. april 1971 i USA. Tittelsporet vart ein liten hit i USA og nådde 34. plass, trass i at filmen gjorde det dårleg. Albumet vart nominert til Grammyprisen i 1972 for beste originale filmmusikk.http://www.eltonjohn.com/discography/friends-original-motion-picture-soundtrack/
Utanom den originale vinylutgåva frå 1971, har albumet aldri kome ut på ein eigen CD, men Friends-musikken finst på den doble CD-plata Rare Masters (1992) som spor 10–19 på eine plata, men med songane i ei anna rekkefølgje enn den originale LP-utgåva. Skilnaden er at «Michelle's Song» har byta plass med «Honey Roll» og «Variations on Friends».
Tidleg i 1970-åra framførte Elton John songane «Friends» og «Can I Put You On» på konsertane sine. Sistnemnde finst mellom anna på konsertalbumet 17-11-70 (kalla 11-17-70 i Nord-Amerika).
Innhald
Medverkande Elton John: piano, vokal Caleb Quaye: gitarar Dee Murray: bassgitar, vokal Nigel Olsson: trommer, vokal Paul Buckmaster: orkesterarrangement Rex Morris: saksofon Madeline Bell, Lesley Duncan, Kay Garner: korvokal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Friends (soundtrack)» frå , den 26. oktober 2011.
Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:Filmmusikkalbum frå 1971 Kategori:Elton John-album Kategori:Paramount Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios