Brechin er ein by i regionen Angus i Skottland. Han har kring 7 500 innbyggjarar. Byen er kjend for domkyrkja si, Brechin Cathedral, som er bygd rundt eit rundtårn frå 900-talet. Brechin er òg bispesete for Brechin bispedømme i den skotske episkopale kyrkja. På grunn av dette vart han lenge rekna som ein city, men han har aldri fått kongeleg charter som det. Han er derimot ein kongeleg burgh.
mini|venstre|Katedralen og det runde tårn i Brechin.
Pictavia Exhibition er ei permanent utstilling om historia til piktarane. Byen har òg eit museum i det tidlegare rådhuset.
Jernbanestasjonen tener Caledonian Railway.
Fotballklubben til byen er Brechin City FC.
Kjende folk frå Brechin Sir David de Brechin (d. 1320), lord av Brechin Robert Watson-Watt, radarpioner, fødd i Brechin Joseph Fairweather Lamb, akademikar, Chandos Chair of Physiology ved University of St Andrews Dame Anne Begg, parlamentsmedlem for Aberdeen South. Brian Keany, musikar Robin Orr, komponist David Myles, parlamentsmedlem for Banffshire
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brechin» frå , den 27. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Angus