Alexis Claude Clairault eller Clairaut () var ein fransk matematikar. Alt 18 år gammal vart han medlem av vitskapsakademiet på grunn av undersøkingane sine av algebraiske kurver.
Han deltok i gradmålinga til Maupertuis i Lappland i 1736, og på grunnlag av denne utarbeidde han i 1743 teorien sin om forma til jorda. Her synte han mellom anna det kjende Clairault-teoremet, som var eit enkelt samband mellom flattrykkinga til jorda, omdreiingssnøggleiken og tyngdefordelinga på overflata. Måneteorien hans vart i 1752 prislønt av Det russiske vitskapsakademiet i St. Petersburg. Clairault utgav òg eit verk om kometbanar og rekna i 1758 når for Halleys komet kom attende.
Kjelder Alexis Claude Clairault. (2011-10-28) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alexis_Claude_Clairault
Kategori:Folk frå Paris Kategori:Franske matematikarar Kategori:Franske astronomar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1700-talet