Atle Sommerfeldt () er ein norsk teolog. Han var biskop i Borg bispedømme 2012-2022.«Biskopen i Borg», kirken.no. Vitja 22. oktober 2015.
Atle Sommerfeldt voks opp i Asker, avla teologisk embetseksamen i 1980 og tok praktisk-teologisk seminar ved Menighetsfakultetet i 1981. Han arbeidde som prest i Oslo bispedømme i tida 1982–1984, var assisterande generalsekretær i Botswana Christian Council frå 1989 til 1993 og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja frå 1993 til 1994. Frå 1994 til 2011 har han vore generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.Budstikka 14.10.2011 Han vart utnemnd til biskop i Borg i kyrkjeleg statsråd 14. oktober 2011, og var den siste biskopen som vart utnemnd av Kongen i statsråd.
Atle Sommerfeldt er gift med Marianne Uri Øverland. Paret har ei dotter som dei adopterte i Botswana.
Kjelder
Kategori:Norske biskopar Kategori:Folk frå Asker