Fortrose (skotsk-gælisk A' Chananaich) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 500 innbyggjarar.
mini|venstre|Fortrose og Black Isle.
Fortrose ligg nesten inst i Moray Firth på halvøya Black Isle, omtrent ti kilometer nordaust for Inverness. Landsbyen Rosemarkie ligg like ved.
Byen er først og fremst kjent for katedralen frå 1200-talet. Ho vart delvis riven og øydelagt midt på 1600-talet av Oliver Cromwell, som brukte stein frå katedralen til festningsarbeid i Inverness.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fortrose» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland