Jon Eilert Bøgseth () er ein tidlegare skihoppar frå Namdalseid. Han oppnådde ein andreplass i eit verdscuprenn i 1981, same sesongen som han vann NM-sølv i normalbakkerennet. Bøgseth var medlem av Namdalseid Idrettslag.
Karriere Bøgseth debuterte i verdscupen i Oberstdorf 30. desember 1980, utan å utmerke seg. Først i sitt tredje verdscuprenn, i Ironwood i USA, kom han inn mellom dei ti beste, vart då nummer ni. Ei veke seinare kleiv han opp til sjetteplassen i Thunder Bay, før han i Chamonix vart nummer to og kom på pallen første gongen. Seinare i sesongen vart han nummer fire i Saint-Nizier og nummer ti i Planica. Samanlagt vart han nummer 15 i verdscupen 1981. Under noregsmeisterskapen på Eidsvoll vann han sølv i normalbakken, bak Ivar Mobekk.
1982-sesongen deltok han knappast i internasjonale tevlinger. I verdscupen 1983 kom han fire gongar inn mellom dei ti beste og vart nummer 19 samanlagt. Hans fremste prestasjon kom i Engelberg, der han vart nummer fire, landsmannen Per Bergerud vann rennet. Bøgseth var same året ein av nordmennene som deltok i verdsmeisterskapen i skiflyging i Planica, der han kom på 19. plass.
Besteplasseringar i internasjonale renn 1981: Nr 2 i Chamonix 1982: Nr 5 i storbakken i Falun (ikkje verdscuprenn) 1983: Nr 4 i Engelberg
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1979: Nr 13 i normalbakken i Sprova Ski-NM 1980: Nr 4 i normalbakken i Asker Ski-NM 1981: Sølvmedalje i normalbakken på Eidsvoll Ski-NM 1982: Nr 5 i storbakken på Rena Ski-NM 1983: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
Han la opp etter 1983-sesongen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Namdalseid