Håvard Lie () er ein tidlegare skihoppar frå Orkdal, medlem i Byåsen Idrettslag.
Karriere Lie debuterte i verdscupen under eit renn på Lillehammer 3. desember 1995. Totalt deltok han i 32 verdscuprenn og hans beste individuelle plassering var ein fjerdeplass i Falun 13. mars 1997. Han var med i Noreg sin tropp til verdsmeisterskapen i Trondheim same sesongen, der han vart nummer ni i normalbakkerennet. Saman med Roar Ljøkelsøy, Espen Bredesen og Lasse Ottesen hoppa han Noreg til ein femteplass i laghoppinga under meisterskapen. 1997-sesongen var hans beste i verdscupen, totalt enda han då på 28. plass med 160 verdscuppoeng.
Dei følgjande sesongane hamna Lie langt nede på resultatlistene i verdscupen. Frå 2002-sesongen og fram til 2004, då han la opp, måtte han jamnast nøye seg med å delta i kontinentalcupen i skihopping. Berre sjeldan fekk han prøve seg i verdscupen, utan noko gong å ta verdscuppoeng.
Lie var sidan trenar i treningsgruppa Trønderhopp.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn 1997: Nr 4 i storbakken i Falun. Nr 9 i normalbakken i VM i Trondheim 1998: Nr 26 både i Engelberg og Oberstdorf 2000: Nr 31 i Lahti 2001: Nr 19 i Trondheim
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1994: Nr 8 i storbakken på Rena Ski-NM 1995: Nr 8 i storbakken i Oslo Ski-NM 1996: Nr 6 i normalbakken i Stryn Ski-NM 1997: Bronsemedalje i storbakken i Mo i Rana Ski-NM 1998: Nr 9 i normalbakken i Trondheim Ski-NM 2001: Nr 8 i storbakken i Trondheim Ski-NM 2003: Nr 11 i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 2004: Nr 12 i storbakken i Oslo
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Håvard Lie i fis-ski.com
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Orkdal