Duntocher (skotsk-gælisk Dùn Tòchair ) er ein landsby i regionen West Dunbartonshire i Skottland.

mini|venstre|Duntocher.

Etter at byen Clydebank vart oppretta vart Duntocher og Hardgate gradvis innlema i den nye byen, og dei blir no administrert som ein del av han. Duntocher har vakse kraftig på grunn av bustadbygging rett etter andre verdskrigen og i 1970-åra.

Tidlegare var Duntocher den vestlegaste staden der det gjekk trikkar driven av Glasgow Corporation Transport. Dei gjekk frå Duntocher via Hardgate til Clydebank, og nokre avgangar fortsette til Partick i Glasgow.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Duntocher» frå , den 4. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i West Dunbartonshire