Elderslie (skotsk-gælisk Ach na Feàrna) er ein landsby i regionen Renfrewshire i Skottland. Han har kring 5 500 innbyggjarar. Den gamle stavemåten for staden er «Ellerslie». Landsbyen ligg 4 km unna Paisley og ligg midtveges mellom Paisley og Johnstone. Elderslie er kjent for å vere den sannsynlege fødestaden for den skotske nasjonalhelten William Wallace.

Historie

Elderslie er Ach-na-Feàrna i skotsk-gælisk, men namnet kjem frå Alder lea, eller elloern på gammal-engelsk der «li» tyder «snever». Landsbyen blei grunnlagt i 1398, sjølv om det var busetjing i området lenge før den tida, som Eldersly. Timothy Ponts kart frå 1596 har merkt staden som Ellersley.

William Wallace blei fødd i Elderslie rundt 1271. Ei lokal segn om eiketreet «Wallace Oak» fortel at Wallace unngjekk å bli fanga av engelskmennene ved å gøyme meir enn 100 av mennene sine i eit gigantisk tre. Treet forfall grunna alder og suvenirjegerar som fjerna borken. Ein avleggjar frå ei 300 år gamle Wallace-barlind blei planta på utsida av den nye skotske parlamentsbygningen i Edinburgh.

William Wallace-monumentet blei avduka 28. september 1912 av sir Thomas Glen-Coats. Det blei forma av J. C. Murrey frå Westminister. Det er rundt 12 meter høgt og fundamenta er 7 meter over bakken. Kvar august blir «Wallace Day» arrangert med ein marsj frå sentrum av Johnston til monumentet.

I nærleiken av vegen som går til Gleniffer Braes, finst større helleristningar med mange sirklar og groper som blir kalla for «kopp-og-ring»-markeringar, ikkje ulik tilsvarande som finst på vestkysten i Noreg. Dei blir trudd å vere minst 3000 år gamle og kan vere symbol på velstand og mengd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elderslie» frå , den 4. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Renfrewshire