Brukskunstsenteret PLUS eller berre PLUS (etablert 1958 i Gamlebyen i Fredrikstad, nedlagt 1978) var eit senter for design og kunsthandverk. Det vart oppretta som eit norsk non-profit senter for design, men utvikla seg til eit meir vanleg verkstadsområde for kunsthandverkarar. Målet ved opprettinga var å foreine kunstnar og industri. Marknadsføring og sal av tinga dei laga var ved Norway Design. Logoen nytta på varene var eit plussteikn designa av Hermann Bongard som var kunstnarisk leiar 1960-64. For emballasjen fekk Roar Høyland den europeiske Eurostar-prisen 1961 og den norske ID-prisen. Ein av dei tidlege leiarane for foretaket var arkeologen Karl Vibe-Müller.

I kolonien var det: korgfletteri, glashytte leia av Richard Duborgh 1958-70, der Arne Jon Jutrem og Benny Motzfeldt (leiar frå 1970) arbeidde med glassblåsarane Henry Svendsrud og Jack Johansen. Hytta brann ned i 1979 keramikkverkstad, først leia av Rolf Hansen, seinare av ekteparet Tone og Richard Duborgh tredreieri og smie for smijern sølvsmie (Sølvstua) med ekteparet Erling Christophersen og Anna Greta Eker, i tillegg til lærling Tone Vigeland (1958-61). Leiar for produksjonen var Odvar Pettersen. møbelverkstad klesstiltrykkeri (Vevstua)

Referansar Denne artikkelen bygger på «PLUS» frå , den 10. november 2011.

Kategori:Kultur i Fredrikstad Kategori:Brukskunst Kategori:Skipingar i 1958 Kategori:Nedleggingar i 1978 Kategori:Historie i Fredrikstad