mini|Bredtvet kompetansesenter Bredtvet kompetansesenter er eit landsdekkande spesialpedagogisk senter som ligg på Bredtvet i Oslo. Senteret er ein del av Statped og arbeider med barn og vaksne med store spesifikke språk- og talevanskar.
Fagmiljøet ved senteret er tverrfagleg samansett med kompetanse innan ulike felt som dysleksi, taleflytvanskar (stamming og løpsk tale), afasi, stemmevanskar, leppe-kjeve-ganespalte (LKG), strupe- og munnholeopererte, dysartri (talevanskar av nevrologisk opphav) og spesifikke språkvanskar hjå barn.
Senteret ligg like ved Torshov kompetansesenter. Det held til i den tidlegare Spesialskole for talehemmede, utforma av arkitekt P.A.M. Melbye og bygd i 1964-66.
Bakgrunnsstoff Bredtvet kompetansesenter ved Skolenettet
Kjelder
Bredtvet kompetansesenter ved Skolenettet Bredtvet kompetansesenter ved statsbygg.no med faktaark (PDF)
Denne artikkelen bygger på «Bredtvet kompetansenseter» frå , den 11. november 2011.
Kategori:Statped Kategori:Utdanning i Oslo Kategori:Bydel Bjerke