Rømua er ei elv på Romerike i Akershus, mellom Glomma- og Leiravassdraga. Elva har utspring i småbekkar aust for Dal på grensa mellom Eidsvoll og Ullensaker kommunar, og renn vidare gjennom Nes og Lillestrøm kommunar. Elva munnar ut i Glomma like nedanfor Bingsfoss. Nedbørsfeltet er på 211 km2, og nesten halvparten av dette er jordbruksareal. Det er ingen innsjøar å nemne langs elva, og den blir derfor mykje utsett for flaum ved mykje nedbør.
Det har på det meste vore minst 14 kornmøller i Ullensaker, fleire av desse låg langs Rømua. Mølla ved Holt brann ned i 1889, og i 1920 var det berre fire møller att, to av desse ved Rømua: Kauserud og Ingier. Maling av korn tok slutt her kring 1970.
Elva er ureina frå jordbruket, og vasskvaliteten er dårleg. Det er såleis moderat med fisk i elva, og krepsen har døydd ut. Men nedre del av elva er likevel viktig som gyteområde for gjørs frå Øyeren. Denne arten var oppført som sterkt trua på Norsk Rødliste i 2006 på grunn av svært avgrensa utbreiing, men er i 2010 klassifisert som «livskraftig» (LC).
Kjelde Denne artikkelen bygger på «Rømua» frå , den 14. november 2011.
Bakgrunnsstoff Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Miljøstatus Rømua Børge-borgere om krepsefiske og møllene i Ullensaker
Kategori:Elvar i Akershus Kategori:Geografi i Ullensaker Kategori:Geografi i Lillestrøm