Brikt Jensen () var ein norsk forleggjar, forfattar, professor og programleiar frå Bergen.

Biografi

Etter oppveksten i Bergen og noko arbeid i avisa Dagen, starta Jensen studia sine ved Universitetet i Oslo i 1949. Her vart han utdanna til mag. art, cand. philol og fekk doktorgrad i litteraturhistorie i 1964. Doktorgradsavhandlinga handla om den franske forfattaren François Mauriac og hadde tittelen Diktning eller psykologi.

Frå 1957 - 1959 jobba Jensen som lektor i norsk ved Universitetet i Strasbourg, og etter eit par nye stillingar vart han tilsett som kontorsjef ved UiO. Han tok også til som litteraturkritikar, både i Frisprog og Verdens Gang. Då Jensen i 1962 skreiv ei innstilling til kyrkje- og undervisningsdepartementet, bidrog han sterkt til skipinga av Norsk kulturråd og Norsk kulturfond. Han fekk Bastianprisen i 1964 for si omsetjing av André Gide si Falskmynterne.

I 1964 vart han redaktør i Gyldendal sitt tidsskrift, Vinduet, og året etter vart han assisterande direktør i Gyldendal. Jensen fekk mykje å seia for forlaget Gyldendal, då han var administrerande direktør frå 1970 - 1980 og deretter hovudkonsulent.

I 1984 vart han programleiar for NRK sitt Bokstavelig talt, ein litterær fjernsynsserie. I 1988 vart han utnemnd til professor II i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. I 1990-åra jobba han også som litteraturanmeldar i Dagbladet.

Brikt Jensen vart i sitt fyrste ekteskap far til Ingebrigt Steen Jensen. Hans andre ekteskap varte fram til kona døydde i 2003.

Verv

Formann i Selskapet for utgivelse av Gamle Norske Håndskrifter 1969–79 Formann i Den norske Forleggerforening 1972–75 Formann i Kommunale Kinematografers Landsforbund Formann i Norsk Kino- og Filmfond 1982–85 Formann i Statens Bibliotekråd 1985–87 Medlem i Pressens faglige utvalg 1986–92 Viseformann i Foreningen Norden 1969–72 Styremedlem i Henie-Onstad Kunstsenter 1970–91 Styremedlem i Nationaltheatret 1975–79. Medlem i International Publishers' Association 1972–80 Formann i Stabæk Fotball 1977-79

Verk (utval)

Diktning eller psykologi? dr.avh., 1963 Glimt fra det 20. århundres litteratur, 1966 Brev fra et steinhus, 1976 Hver dag, 1980 Et varig vennskap. 46 brev fra Nordahl Grieg til Nils Lie 1928–43, 1981 Sigurd Hoel om seg selv, 1981 Det moderne gjennombruddet i nordisk litteratur, 1986 Fotnoter til en uskreven bok, 1988 Vår egen litteratur. Brikt Jensens lesebok for de tusen hjem, 1991 Selvangivelse, 1993 Min korsikanske landsby, 1995 Ordspråkleksikon, 1996 På sporet av det 20. århundre. En litterær reise 1900–1951, 2 bind, 1999–2000

Kjelder

NBL-artikkel om Jensen, skriven av Egil Tveterås.

kategori:Folk frå Bergen kategori:Norske redaktørar kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen kategori:Norske forleggjarar kategori:Norske omsetjarar kategori:Norske forfattarar kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Vinnarar av Bastianprisen