mini| «What happened on Twenty-third Street». Filmsnutt frå New York City / Thomas A. Edison, Inc. 1901. 1901 (romartal MCMI) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
mini|Wilhelm Röntgen var blant dei første som fekk nobelpris. Utlandet 1. januar: Nigeria blei eit britisk protektorat. Australia fekk grunnlov og Melbourne blei hovudstad. 3. mars: USA kjøpte Filippinane av Spaniafor 100 000 US-dollar. 6. september: Presidenten i USA, William McKinley, blei skoten. 42 år gamle Theodore Roosevelt blei ny president, den yngste til då. 10. desember: Nobelprisen blei delt ut for første gong. Jernbanen fram til Victoriasjøen vart ferdig. Boarkrigen i dagens Sør-Afrika vart avslutta. Guglielmo Marconi sendte radiosignal over Atlanteren.
Noreg 25. mai: Det norske Lagtinget vedtok med 15 mot 14 stemmar å gje avgrensa røysterett til kvinner over 25 år ved kommuneval. 17. desember: Solon-natta, stormvêr og forlis på Møre.
Fødde mini|Statsminister Tage Erlander i 1952
28. februar: Rudolf Nilsen, norsk diktar 11. mars: Kjell Bondevik, norsk politikar og kulturgranskar 27. mars: Carl Barks, amerikansk teikneserieskapar 28. mars: Märtha, svensk prinsesse (seinare norsk kronprinsesse) 29. april: Hirohito av Japan, japansk keisar 16. mai: Lars Berg, norsk forfattar 20. mai: Max Euwe, tysk sjakkspelar 13. juni: Tage Erlander, svensk statsminister 4. august: Louis Armstrong, USA-amerikansk musikar 29. september: Enrico Fermi, italiensk-amerikansk fysikar 8. oktober: Eivind Groven, norsk toneskapar og musikar 5. desember: Walt Disney, amerikansk teiknefilmskapar 14. desember: Paul I, gresk konge 16. desember: Margaret Mead, USA-amerikansk antropolog 27. desember: Marlene Dietrich, tysk skodespelar
Døde mini|upright|President McKinley held sin siste tale, dagen før han blei skoten.
22. januar: Dronning Victoria av Storbritannia 27. januar: Giuseppe Verdi, italiensk komponist 13. mars: Benjamin Harrison, amerikansk president 7. juli: Johanna Spyri, sveitsisk forfattar 14. september: William McKinley, president i USA