«Saturday Night's Alright for Fighting» (stundom skriven «Saturday Night's Alright (For Fighting)») er ein rockesong av Elton John. Songen vart skriven av John med tekst av Bernie Taupin for albumet Goodbye Yellow Brick Road i 1973. Det er ein av dei hardare songane til John (liknande «Grow Some Funk of Your Own» og «The Bitch Is Back»), med ein stil som minnar om band som The Who og The Rolling Stones og ganske annleis dei tidlegare rolegare songane hans.Classic Rock Gold (liner notes). Songen er spelt inn i ein tidleg rock and roll-stil, liknande glamrock.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i 1973 og nådde Topp 10 i Storbritannia og Topp 20 i USA. Trass i at han ikkje gjorde det like bra som mange av dei andre hittane hans, er det likevel ein av dei best kjende songane hans i dag.

Andre versjonar Songen er spelt inn av fleire andre artistar som W.A.S.P., Flotsam and Jetsam, Nickelback (med Kid Rock og Dimebag Darrell), Queen og The Who. Opningsriffet vert ofte nytta av Tommy Emmanuel under tolkinga hans av «Classical Gas». Songe er spelbar i videospelet Rock Band 3 og Guitar Hero 5. Songen vart òg nytta under traileren til filmen Gnomeo and Juliet i 2011.

Listeplasseringar

Liste (1973)PlasseringStorbritannia7US Billboard Hot 10012

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Saturday Night's Alright for Fighting» frå , den 20. november 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar produserte av Gus Dudgeon Kategori:DJM Records-singlar Kategori:MCA Records-singlar Kategori:The Who-songar Kategori:Nickelback-songar Kategori:W.A.S.P.-songar Kategori:Fall Out Boy-songar