Maudheimvidda (tysk Ritscherhochland) er eit stort, isdekt høgland i den vestlegaste delen av Dronning Maud Land i Antarktis som strekkjer seg frå 20° vest til Jutulstraumen om lag ved nullmeridianen. Området grensar til Vestfjella og Heimefrontfjella i vest og sørvest og av Borgmassivet og Kirwanveggen i aust. Han vart oppdaga av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939) og kalla opp etter kaptein Alfred Ritscher, leiaren for ekspedisjonen. Området vart undersøkt og kartlagt under den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen (Maudheimekspedisjonen) frå 1949 til 1952. Norsk Polarinstitutt gav i 1963 ut topografisk kart i målestokk 1:1 000 000 over området.

Kyststrekninga frå 16° 30' vest til 5° aust vert kalla Kronprinsesse Märtha Kyst.

Kjelder Composite Gazetteer of Antarctia. Den vitskapelege komiteen for antarktisforsking (SCAR)

Bakgrunnsstoff United States Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS) Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR)

Kategori:Platå i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst