Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) er eit symfoniorkester i Bergen som kan føra historia si heilt tilbake til 1765. Orkesteret held til i Grieghallen, og noverande sjefdirigent er Edward Gardner.
Historie
I 1765 vart Musikselskabet Harmonien skipa av rektor Jens Boalth og forfattaren Claus Fasting; orkesteret gjekk under namnet Musikselskabet Harmoniens Orkester. Harmonien er det eldste musikkselskapet i Noreg. Opphavleg dreiv det frivillige selskapet med vokal- og instrumentalmusikk ved å framføra kantatar på kongelege festdagar, kyrkjemusikk ved høve, og ein sjeldan gong musikkdramatikk. I 1793 vart Det dramatiske selskap skipa, og Harmonien samarbeidde med dette heretter.
På attenhundretalet var musikalske storleikar som Ole Bull, Edvard Grieg og Johan Halvorsen alle i leiarposisjonar i orkesteret. Sidan Harmonien vart reorganisert i 1856, har orkesteret hatt ei særstilling i musikkmiljøet i Bergen.
I 1919 oppretta Harmonien eit fast orkester på 40 musikarar, og ein kraftig auke i konsertar, m.a. på Den Nationale Scene. I 1978 fekk orkesteret Grieghallen som fast base, og i 1987 skifte det namn til det noverande Bergen Filharmoniske Orkester. Orkesteret er i dag statsfinansiert, og Bergen Filharmoniske Kor er fast tilknytt orkesteret. Det består i dag av 101 musikarar, har om lag 80 konsertar i året, og har gjort ei rekkje plateinnspelingar.
Faste dirigentar
Samuel Lind - til 1769 Benjamin Ohle - 1769–70 Niels Haslund - 1770–85 Ole Pedersen Rødder - 1785–1805 J. Hindrich Paulsen - 1805–06, 1809–20 C. Mathias Lundholm - 1820–27 Ferdinand Giovanni Schediwy - 1827–44 Ferdinand August Rojahn - 1856–59 August Christian Johannes Fries - 1859–62, 1864–73 Amadeus Wolfgang Maczewsky - 1862–64 Richard C. V. A. Henneberg - 1873–75 Adolf Blomberg - 1875–78 Herman Levy - 1879–80 Edvard Grieg - 1880–82 Iver Holter - 1882–84, 1885–86 Per Winge - 1886–88 Georg Washington Magnus - 1892–93 Johan Halvorsen - 1893–99 Christian Danning - 1899–01, 1902–05 Harald Heide - 1907–48 Olav Kielland - 1948–50 Carl Garaguly - 1952–58 Arvid Fladmoe - 1958–61 Karsten Andersen - 1964–85 Aldo Ceccato - 1985–90 Dmitrij Kitajenko - 1990–98 Simone Young - 1999–2002 Andrew Litton - 2003–2015 Edward Gardner - 2015-
Prisar og utmerkingar
Spellemannprisen 1991 i klassen Orkester-og kormusikk saman med Leif Ove Andsnes for plata Grieg: Piano Konsert/Liszt: Piano Konsert Nr.2. Spellemannprisen 2007 i klassen Klassisk musikk for plata Prokofiev: Romeo & Juliet.
Kjelder
, henta inn 21. november 2011. Bokmålswikipedia om Bergen Filharmoniske Orkester, henta inn 21. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske orkester Kategori:Musikk i Bergen Kategori:Skipingar i 1765 Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen