MF «Ullensvang» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Førde i juni 1986 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ferja var då den største som hadde blitt levert til HSD med ein kapasitet på 134 personbileiningar og ei lengd på 87 meter. Ferja gjekk inn i ruta Sandvikvåg-Halhjem i lag med systerskipet MF «Stord» og gjekk i denne ruta fram til 2006.
Fram til i dag har ferja vore i flåten til HSD, HSD Sjø, Tide Sjø og Norled heile vegen.
Ulukke 27. november 2011 kolliderte ferja med supplybåten «Olympic Hera» i Stavanger grunna sterk vind. Ingen personar vart skada, men «Olympic Hera» fekk tydelege skadar i skroget.Her krasjer passasjerferjen inn i supplybåten
Ferjeruter 1986 - 2006: Halhjem-Sandvikvåg Desember 2006 - desember 2009: Halhjem-Våge Januar 2010 - desember 2013: Stavanger-Tau Februar-mai 2014: Stangnes-Sør-Rollnes Reserveferje Stavanger Frå januar 2015: Hareid-Sulesund
Kjelder Skipet.no «Hordaland» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Fjærlandsfjord» på marinetraffic.com
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1986 Kategori:Skip bygde ved Ankerløkken Verft Kategori:1986 i Noreg