Tone Schwarzott () er ein norsk skodespelar og lyrikar.

Ho er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole og var tilsett ved Nationaltheatret frå 1963 til 2002, med eit avbrot frå 1969 til 1971 då ho hadde eit engasjement ved NRK Fjernsynsteatret. I Fjernsynsteatret spelte ho i produksjonar av Bjørnsons En hanske, Strindbergs Pelikanen, Brechts Småborgerbryllup, Undsets Selma Brøter, Helten på den grøne øya av Millington Synge og Ibsens Samfunnets støtter. Ho medverka i spelefilmane 3 (1971), Marikens bryllup (1972), Formynderne (1978). Hard asfalt (1986) og Brun bitter (1988).

Schwarzott debuterte som lyrikar med samlinga Veien til mitt hus i 1965 og gav fram til 1979 ut åtte samlingar til.

Bibliografi 1979 – Nattlige stasjoner 1978 – I noens have 1977 – Under samme himmel 1976 – Reiser med lyset 1975 – I lyset 1974 – Hit er jeg kommet 1973 – Dørene 1970 – Rom 1965 – Veien til mitt hus

Referansar

Bakgrunnsstoff Tone Schwarzott i Sambok

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Porsgrunn