Det polsk-litauiske samveldet var ein føderal monarki-republikk samansett av Kongeriket Polen og Storfyrstedømet Litauen i 1569 som eksisterte til 1795.

Samveldet var eit framhald av Den polsk-litauiske unionen som var ein personalunion mellom dei to statane. Unionen hadde eksistert sidan 1386. Samveldet var eit av dei største i Europa og stod mot åtak frå krossriddarordnane, mongolane, Russland, Det osmanske riket og Sverige i over to hundre år. Til sist vart landområdet oppdelt i tre steg mellom Tsar-Russland, Preussen og keisarriket Austerrike. I 1795 var heile landområdet delt. Polen og Litauen vart fyrst sjølvstendige statar att etter fyrste verdskrigen i 1918.

Kart over grensene til ulike tider

Bakgrunnsstoff

Commonwealth of Two Nations Resource Page

Kategori:Tidlegare republikkar Kategori:Polsk historie Kategori:Litauisk historie Kategori:Ukrainsk historie Kategori:Kviterussisk historie Kategori:Russisk historie