Arne «Bakker'n» Bakker () var ein norsk fotball- bandy- og ishockeyspelar frå Bærum.
Karriere
I åtte år spelte Bakker forsvar for Asker Skiklubb i eliteserien, der han spelte i 99 kampar og skåra 10 mål. Han spelte også svært lenge for det norske herrelandslaget i fotball, med heile 54 kampar.
Som bandyspelar spelte Bakker først for Asker, og deretter for Stabæk Bandy, der han vann kongepokalen i 1952. Under vinter-OL 1952 i Oslo, der bandy var demonstrasjonsgrein, spelte Bakker på det norske OL-landslaget. Med tre deltakande lag kom Noreg her på andreplass, bakom Sverige og framom Finland. Bakker spelte i NM i bandy i 1952, 1953 og 1955.
I ishockey spelte han også på norsk proffnivå, der han spelte for Stabæk og Jar. Etter at han gav seg som idrettsutøvar, vart han fotballtrenar; fyrst for Asker sitt A-lag, seinare for Stabæk Fotball.
I 1961 vart han tildelt Egebergs Ærespris. Han er så langt den einaste som har vunne prisen for både bandy og fotball.
Kjelder Arne Bakker i Budstikkas store Asker- og Bærumleksikon
Denne artikkelen bygger på «Arne Bakker» frå , den 9. desember 2011.
Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske ishockeyspelarar Kategori:Norske bandyspelarar Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Norske fotballtrenarar