Peachtree Road er det 28. studioalbumet av den britiske musikaren Elton John, og kom ut i 2004. Det vart kalla opp etter Peachtree Road, den nordlege delen av Peachtree Street i Atlanta, der ein av dei fire heimane til John ligg. Dette er et einaste av albuma til John der berre han sjølv står oppført som produsent.
Trass i generelt positive meldingar, gjorde Peachtree Road det heller dårleg samanlikna med andre album frå denne tida, og nådde 17. plass i USA og 21. plass i Storbritannia. I USA selde albumet til gullplate i desember 2004.
Albumet vart gjeve ut på ny i 2005 med tre bonusspor frå Billy Elliot the Musical, samt ein DVD med ni spor frå albumet framført på konsert i Atlanta.
Songen «Electricity» frå musikalen vart gjeven ut som singel i juni 2005 og nådde fjerdeplass i Storbritannia.
Albumet vart tileigna minnet til Gus og Sheila Dudgeon, som omkom i lag i ei bilulukke.
Innhald
Bonus-DVD (2005) Alle songar spelte inn ved the Tabernacle i Atlanta i november 2004 «Weight of the World» «Porch Swing in Tupelo» «Answer in the Sky» «Turn the Lights Out When You Leave» «My Elusive Drug» «They Call Her the Cat» «Freaks in Love» «All That I'm Allowed (I'm Thankful)» «I Can't Keep This from You»
Medverkande Elton John - piano, Rhodes, solo og korvokal Davey Johnstone - akustisk, elektrisk, slide, baryton, Leslie og sitar gitarar, dobro, mandolin, korvokal Nigel Olsson - trommer, korvokal Guy Babylon - Hammond orgel, Rhodes, programmering, instrumentering Bob Birch - bass, korvokal John Mahon - perkusjon, korvokal John Jorgenson - pedalsteelgitar L'Tanya Shields - kor Alecia Terry - kor M. Dennis Sims - kor Rosalind McKnight Choir Mark Ford - kor Terrence Davis - kor Todd Honeycutt - kor Adam McKnight - kor Jimmy Pankow - trombone, hornarrangement Lee Loughnane - trompet Walter Parazaider - tenorsaksofon Larry Klimas - barytonsaksofon Martin Tillman - elektrisk cello
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peachtree Road (album)» frå , den 10. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2004 Kategori:Elton John-album Kategori:Album produserte av Elton John