Anita Andreassen (), mest kjend under fødenamnet Anita Andreassen, er ein norsk hundekøyrar, syklist og langrennsløpar frå Tromsø.

Andreassen har 7 kongepokalar i hundekøyring, frå 1982–1987 og i 1989. Ho vart tre gonger verdsmeister frå 1992 til 1994, og europameister i 1993 og 1994. I tillegg har ho vunne 4 nordiske meisterskap.

Ho har også merittar frå andre idrettsgreiner. Ho var på sykkellandslaget frå 1977 til 1980, og har òg ein kongepokal frå sykkelsport. Som syklist har ho også delteke i VM. Andreassen har også drive med langrenn og fått fleire gode plasseringar.

1982: Troms idrettskrets sitt heidersteikn 1996: Egebergs Ærespris for allsidige idrettsprestasjonar. 2004: Utmerking med stjerne frå Troms idrettskrets, for prestasjonane som kom etter 1982.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Anita Andreassen» frå , den 11. desember 2011.

Kategori:Norske syklistar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske hundekøyrarar Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Folk frå Tromsø