Åtaket i Liège 2011 fann stad 13. desember 2011, då 33 år gamle Nordine Amrani kasta granatar og avfyrte skot mot sivile på Place Saint-Lambert i sentrum av byen Liège i Belgia. Han drap seks personar, inkludert seg sjølv, og skada 125.
Angrepet starta 13. desember 2011 klokka 12:34 lokal tid på Place Saint-Lambert, staden der rettsbygningen i byen ligg. Vitne rapporterte om fire eksplosjonar og skot. Fyrst gjekk ein ut frå at det var to eller fleire overfallsmenn, som kasta granatar inn i rettslokalet. Seinare skaut gjerningsmannen seg sjølv med ein revolver.
Internasjonale reaksjonar : Statsminister Jean-Claude Juncker, storhertug Henri av Luxembourg og storhertuginne Maria Teresa av Luxembourg viste støtta si til den belgiske statsministeren Elio Di Rupo.
: Statsminister David Cameron kondolerte den belgiske statsministeren Elio Di Rupo.
: President Herman Van Rompuy viste medkjensla si.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «2011 Belgium bombings» frå , den 13. desember 2011.
Denne artikkelen bygger på «Aanslag in Luik» frå , den 14. desember 2022.
Kategori:2011 i Belgia Kategori:Liège Kategori:Massemord i 2011 Kategori:Mord i Belgia