Lattertrastfamilien, Leiothrichidae, er ein nyleg anerkjent familie av meir enn 130 artar sporvefuglar som lever i den afrotropiske regionen, den orientalske regionen og dels i sørlegaste del av den palearktiske regionen. Han blei oppretta etter fylogenetiske studiar i av den tidleare timalfamilien som var kjent for å vere sett saman av ikkje-relaterte takson.
Leiothrichidae er eit av fire nye takson som dukka opp i studiane til Gelang et al. 2009. Familien kom med i Clementslista frå versjon 6.6 i august, 2011 under namnet 'Laughingthrushes' på engelsk.Clements et al 2011
Skildring mini|venstre|Bilete av kritisk truga bugunlattertrast, Liocichla bugunorum, på indisk frimerke mini|venstre|Kritisk truga blåkronelattertrast, Pterorhinus courtoisi, i fuglepark i Praha Per 2024 samlar lattertrastfamilien 133 medlemmer, ei gruppe av sporvefuglartar med stort mangfald i utsjånad. Samanlikna med andre medlemmer i det tidlegare samletaksonet for timalar, Timaliidae, er artane i den «nye» lattertrastfamilien generelt større og har lengre halar. Mange av medlemmene ligg i området 20-28 cm i kroppslengd, men spenner frå ca. 13 cm for raudhaleminla, Minla ignotincta, (lever frå Nepal til sentrale Kina) til 35,5 cm for kjempelattertrast, Ianthocincla maxima, i sentrale Kina.Artsskildringar tilgjengelege frå Winkler et al, Birds of the World: «Laughingthrushes and Allies (Leiothrichidae)»
Fjørdrakta deira varierer stort, alt frå slåande svart-kvitt-mønster til blandingar av brunt, rosa og grønt, gjerne med mindre flekker eller markeringar i kraftige farger. Det finst likevel nokre artar med kamuflerande drakter i diffust grått og brunt, eit døme er arabarskrikjetrast, Argya squamiceps, som lever i tørre område på Den arabiske halvøya.
Utbreiing, habitat og føde 21 artar lever i fragmenterte område av Afrika sør for Sahara. Tre av desse artane er i Argya, dei andre gjer ut for det meste av Turdoides-slekta. Utanfor Afrika lever Leiothrichidae-artane frå Midtausten i vest austover til Indre Mongolia, Kina, i nordaust og Java i sør. Seks artar lever i høgtliggande område på øyane i Søraust-Asia. Lengst sør finn ein vulkantimal (Laniellus albonotatus) på vestlege Java, ikkje langt frå Jakarta. Den nordlegaste arten er kinalattertrast (Pterorhinus davidi) som lever frå sentrale Kina opp mot nordlege Indre Mongolia-regionen av Kina. Mellom yttergrensene lever mange artar i Himalaya og Tibet, på det indiske subkontinentet og over fastlandet av Søraust-Asia.
Habitatpreferansane til medlemmene i lattertrastfamilien varierer mykje. Medan dei afrikanske artane vanlegvis treffast på savannar og opne skogområde med Acacia, føretrekkjer dei fleste asiatiske artane tettare, skogkledde område, inkludert regnskogar.Winkler et al 2020
Desse fuglane et først og fremst insekt og andre små leddyr, men dei større artane et også små virveldyr. I tillegg til insekt, et mange Turdoides-artar frukt, frø og nektar. Dei søkjer ofte etter insekt på blad og greiner, men kan òg søkje etter virvellause dyr på bakken.
Hekking Dei fleste artane i lattertrastfamilien er monogame og syt for ungane saman som eit par. Nokon skrikjetrastar i Turdoides-slekta praktiserer likevel samarbeidande hekking, der fleire vaksne, inkludert seriemessige polygyne hannar, hjelpar til med å oppdra ungane, og nokre gonger vil to par hekke i same reir. Reira deira er vanlegvis bygd i krattvekstar eller tre, opne og koppforma, nokre gonger fora med røter og annan vegetasjon eller dekket med mose og lav for kamuflasje. Storleiken på kullet varierer mellom 2 og 6 egg, største kulla finn ein vanlegvis lengst nord. Begge kjønn i paret der del i å byggje reiret, ruge og å mate ungane. Artar der para samarbeider kan ha ekstra hjelparar til desse oppgåvene. Rugetida varer mellom 13 til 17 dagar, og ungane forlèt reiret etter 9 til 16 dagar, nokre gonger held ungane seg i reiret i opptil 21 dagar.
Status og vern
32 artar, tilsvarande 24 prosent, er førte opp på IUCN si raudliste. 3 av desse er kategoriserte som kritisk truga: Bugunlattertrast, Liocichla bugunorum Lever på eit særs avgrensa areal i India, nær grensa til og aust for Bhutan. Berre 14 individ er observerte, den totale populasjonen er estimert til å ligge mellom 70 og 380. Trugsmåla for arten er trudd å vere skogsdrift og det som følger med. Raudpannelattertrast, Garrulax rufifrons Saman med vulkantimal har han den sørlegaste utbreiinga i familien, på vestre del av Java. Storleiken på populasjonen er trudd å vere under 250 modne individ og minkande. Trugsmålet mot arten er først og fremst fangst for burfuglhandel. Klimaendringar og vulkansk aktivitet i området kan også ha negativ verknad. Blåkronelattertrast, Pterorhinus courtoisi 50-250 modne individ lever i Wuyuan-området av Jiangxi-provinsen i Kina. Populasjonen er minkande. Trugsmålet mot arten er fangst for burfuglhandel og generell mangel på vernetiltak.
Taksonomi Sjå òg komplett artsliste Kladogrammet nedanfor viser dei fylogenetiske forholda mellom slektene i familien Leiothrichidae basert på ein studie av Alice Cibois og medarbeidarar publisert i 2018.
Kjelder
Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). «Laughingthrushes and Allies (Leiothrichidae)», version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.leioth1.01
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sporvefuglar