Love Is er eit dobbeltalbum av Eric Burdon and The Animals som kom ut i 1968. Det var det siste albumet deira før den andre oppløysinga til The Animals i 1969. Ei forkorta utgåve av «Ring of Fire» vart gjeven ut som singel og nådde 35. plass i Storbritannia og nådde Topp 40 i Tyskland, Nederland og Australia.The Animals chart entries, tsort.info.

Bortsett frå den sjølvskrivne «I'm Dying (or am I?)», består albumet berre av andre sine songar med utvida arrangement av the Animals og stundom til og med ekstra tekst og musikalske bitar. Heile side 4 er ein medley av songar opphavleg spelte av Dantalian's Chariot, ei gruppe som medlemmane Zoot Money og Andy Summers tidlegare hadde spelt i.

Albumet er første gong den framtidige Police-gitaristen Andy Summers spelte med gruppa. Innspelinga av Traffic sin «Coloured Rain» inneheld ein over fire minuttar lang gitarsolo av Summers. For å sikre at han avslutta på riktig stad, talde Zoot Money alle taktane gjennom songen og gav han melding ved takt 189.Andy Summers, One Train Later, Thomas Dunne Books, 2006. ISBN 0-312-35914-4.

Innhald

Medverkande Eric Burdon — solovokal, talt tekst Zoot Money — bass, kor- og solovokal (3, 8a) vokal, orgel, piano, talt tekst (8a) Andy Summers — gitar, korvokal John Weider — gitar, fiolin, korvokal Barry Jenkins — trommer, perkusjon, korvokal Robert Wyatt - korvokal (1) Ukjende blåsarar, arrangør og kvinnelege korist på «To Love Somebody» ??

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Is (The Animals album)» frå , den 17. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:The Animals-album Kategori:Dobbeltalbum Kategori:MGM Records-album