Kamphandlinga 2. mai 1707, òg kjend som Beachy Head, var eit sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen der ein fransk skvadron under Claude de Forbin hindra ein stor britisk konvoi eskortert av tre linjeskip under kommandør Baron Wylde. Kamphandlinga starta då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. «Mars» med 60 kanonar, styrt av Claude Forbin, gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og då dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle» kom til, tok dei livet av kapteinen Edward Acton, og tok dette skipet òg.Haws/Hurst s.347 Konvoien vart spreidd og det siste britiske eskorteskipet, HMS «Royal Oak», vart hardt råka og med 12 fot vatn innanbords klarte det å kome seg unna ved å gå på land nær Dungeness. Dagen etter vart «Royal Oak» slept frå staden det stranda, ned til The Downs.Haws/Hurst s.347

Franskmennene tok 21 handelsskip, i tillegg til to 70-kanonars linjeskip, og førte dei alle til Dunkerque.Allen s.101

Slaget Den 1. mai sette ein stor konvoi av stad mot Vestindia, verna av tre linjeskip. Dei segla ut frå the Downs og var kring 18 n.m. vest for Beachy Head, då dei møtte den franske skvadronen frå Dunkerque, kommandert av Claude de Forbin. Skvadronen bestod av sju linjeskip og seks kaperskip.Troude 259 Slaget byrja då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. Kommandør Wyld tok fem av dei største handelsskipa inn i linja si og møtte med stort mot åtaket til dei franske skipa.Haws/Hurst s.347 I to og ein halv time kom det tung eld frå begge sider. «Hampton Court» kjempa desperat, men måtte overgje seg.Allen s.101 Claude Forbin sitt 60-kanonars «Mars» gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og fekk med seg dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle», og skipet vart kapra etter ein halvtime med kanoneld.Haws/Hurst s.347 Wyld sitt HMS «Royal Oak», som hadde 11-12 fot vatn i lasterommet, klarte å komme seg unna med store tap ved å grunnstøyte. Skipet vart sidan slept til The Downs.Allen s.101

Slagordenen Frankrike «Mars» 60 - Chevalier de Forbin, Chef de Division.Troude 259 «Dauphine» 56 - Comte de RoquefeuilTroude 259 «Fidèle» 56 - Baron d'Arey.Troude 259 «Blackoal» 54 - de TourouvreTroude 259 «Salisbury» 50 - Chevalier de Vezins.Troude 259 «Griffon» 50 - Chevalier de NangisTroude 259 «Protée» 50 - Comte d'Illiers.Troude 259

6 kaperskipTroude 259

Storbritannia HMS «Royal Oak» 76 - Kommandør Baron Wylde, unnslapp forlis ved stranding.Allen s.101 HMS «Hampton Court» 70 - Kaptein George Clements, kapra.Allen s.101 HMS «Grafton» 70 - Kaptein Edward Acton , kapra.Allen s.101

55 handelsskip

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Action of 2 May 1707» frå , den 19. desember 2011. oppgav desse kjeldene: Haws, Duncan; Hurst, Alexander Anthony (1985). The Maritime History of the World: A Chronological Survey of Maritime Events from 5 000 B.C. Until the Present Day. Vol I. ISBN 978-0-903662-10-9. Allen, Joseph. Battles of the British Navy: from A.D. 1000 to 1840 Bell & Daldy publishing, ASIN B00087UD9S Troude, O. Batailles navales de la Frankrike, Vol. I.

Kategori:Konfliktar i 1707 Kategori:Britiske sjøslag Kategori:Franske sjøslag Kategori:Sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Historia til Cornwall